Gudbrand Klevgaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jul. 2012 kl. 09:40 av Kallrustad (samtale | bidrag) (mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Gudbrand Klevgaard (fødd 1866, død 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Klevgaard, som òg var klokkar i Etnedal, var utdanna frå Hamar lærarskole (eksamen 1887). Til liks med mange andre bygdelærarar, som Johan Skrindsrud i Nord-Etnedal, hadde han stor interesse for lokalhistorie. Han skreiv flere artiklar med bygdehistoriske emne i avisa Valdres og i Tidsskrift for Valdres Historielag. Klevgaard var dessutan ein av stiftarane av Valdres Folkemuseum og hadde ymse kommunale verv.

Han var gift med Anne Marie f. Espelien (1870-1952), dotter av gardbrukar Syver Espelien. Ekteparet Klevgaard kjøpte skogseiendommen Haugalie i 1902 og bygde opp hus her i 1930-åra, etter at dei tidlegare hadde budd på Bruflat skule. I Haugalie dyrka dei opp fem mål og litt beite, nok til å fø ei ku. Attåt hadde dei 700 mål produktiv skog. Anne Marie og Gudbrand Klevgaard hadde fem born.