Gudrun Laland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. des. 2014 kl. 09:07 av Kallrustad (samtale | bidrag) (100 år i 2000)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Gudrun Laland (fødd 25. mars 1900, død?) var lærar og dessutan veldig interessert i botanikk og musikk. Laland, som var busett i Time kommuneJæren, reiste rundt med opplesingar og kåseri, noko som ga ho kulturprisen for Time og fylkeskulturprisen for Rogaland. Ho var òg ei ihuga nynorskkvinne.

Laland vaks opp på Bryne (????), som den eldste av fem sysken. Ho sa sjølv at ho var den første jenta på Bryne som fekk sykkel. «Ho sette seg oppå, rann ned Saronsbråtet og inn i ein husvegg»tok gymnaset i Kristiania og reiste etterpå til Frankrike som au pair. Seinare vart ho sett inn som vikar ved den nye gymnaset på Bryne. Stord lærarskule tok ho etterpå, og ho arbeidde som lærar til ho var 62 år. Laland underviste mellom anna i engelsk. Under krigen såg ho det som si oppgåve å høyre på nyheitssendingane på radio, noko som var ulovleg, og ho gjekk etterpå rundt blant skyldfolk og grannar og spreidde nyheitene.

Gudrun Laland var ugift, men faster for heile familien. Ho var glad i å reise, og drog mellom anna til Hellas lenge før det vart vanleg å reise til «Syden». Så spesielt var dette at Gudrun heldt lysbildeforedrag i 40 foreiningar om turen. Ho budde heime til ho var 97, og som 100-åring vart ho intervjua av Stavanger Aftenblad. Der fortalte ho mellom anna at ho ikkje kunne lesa lenger. «Men ho saknar jenta som arbeidde her og som las Agatha Christie for henne på engelsk. Ho har sagt ho skal koma att.»

Kilder og litteratur

  • Stavanger Aftenblad, 25. mars 2000: «Første Bryne-jente med sykkel», omtale på 100-årsdagen.


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.