Gulatinget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gulatinget var tingstaden for Gulatingslagen, det vil seie området der Gulatingslagen var gjeldande rett. På tigstaden samla folk seg kvar vår for å avgjera tvister og døme i saker. Namnet kjem frå Gulen, der den opphavlege tingstaden låg frå 900-talet. Kring 1300, etter at Landslova hadde teke over for landskapslovane, vart tingstaden flytta til Bjørgvin, og frå 1604 vart området kalla Bergen lagting.

Namnet er teke vare på i form av Gulating lagmannsrett i Bergen, som dekker eit noko mindre område enn den gamle Gulatingslagen.

Tingstaden

Den mest sannsynlege plassen for Gulatinget er på garden FlolidGuløy i Gulen kommune. «Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti». Slik begynner sagnet om korleis Guløy fekk namnet sitt.

I Gulafjordane fann dei eit allereie utvikla samfunn, der folket som budde der, i trange dalar og uframkommeleg terreng, hadde organisert seg, så dei var sjølvhjelpne med det meste. Det måtte vere. sikkert for åttak utanfrå. Guløy var lett å vakte frå landsida og oversiktleg frå sjøsida.Det er bygd vardar på på fjella over Svaberg, på Midtunfjellet, Stevnebøfjellet og Næverdalsfjellet. 4 vardar med Guløy i midten. På andre sida av fjorden ligg Glosvik, kjem av gløse, glo, sjå, der held dei vakt, der hadde dei god utsyn til tingstaden.

Namn på Flolid/Guløy som framleis er i bruk:

  • Domsteinen, ligg på toppen av Guløy. Namnet seier kva han vart brukt til. Når du står ved steinen, vendt mot landsida, ser du berget slik det var før det grodde til for mykje, eit fint amfi.
  • Tingvollane, det var vel tingvollane.
  • På austsida ligg Knarrholmen, der vølte dei båtane. Tidlegare kunne dei sjå ei steinsett gropder, med restar etter kol. Knarr er ein båttype som var brukt i vikingtida.
  • På vestvågen ligg Veholmen, der vigsla dei tinget med blot i hedensk tid.
  • Krosshaugen, det er vel rimeleg å tru at her stod krossen, den første dei hadde på tinget. Den vesle krossen som vart flytta til kyrkja på Flolidstranda, og seinare fekk avslege eine armen, då han vart flytta til Eivindvik.

Det er på Flolid at minnesmerket Tusenårsstaden Gulating står.

Eivindvik

Ein annan kandidat er Eivindvik, der to steinkrossar ofte vert tolka som ei markering av tingstaden. Som nemnd over kan det eine ha vorte flytta hit, og det er elles ingen dokumentasjon for at dei har noko med ein tingstad å gjere.

Ivar Kleiva meinte i boka Gulatinget : tingstader og lovverk at tingstaden var på Eivindvik, og at han kring 1250 vart flytta til Guløy i samband med at Håkon IV Håkonsson let byggje ei kyrkje der.[1] Om han har rett, har det altså vore tingstad både på Eivindvik og på Guløy.

Litteratur og kjelder

  1. Kleiva 1985, 40.