Gulatinget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gulatinget var tingstaden for Gulatingslagen, det vil seie området der Gulatingslagen var gjeldande rett. På tigstaden samla folk seg kvar vår for å avgjera tvister og døme i saker. Namnet kjem frå Gulen, der den opphavlege tingstaden låg frå 900-talet. Kring 1300, etter at Landslova hadde teke over for landskapslovane, vart tingstaden flytta til Bjørgvin, og frå 1604 vart området kalla Bergen lagting.

Namnet er teke vare på i form av Gulating lagmannsrett i Bergen, som dekker eit noko mindre område enn den gamle Gulatingslagen.

Møtetida for tinget var opphavleg på våre, og i kristen tid var det sett til torsdag i påskeveka, altså fyrste torsdagen etter påskedagen. Tida vart seinare flytta. I 1274 er botolvsmesse den 16. juni nemnd, og frå 1325 vart tinget samla til jonsok.

Tingstaden

Ein tingstad for Gulatinget var på garden FlolidGuløy i Gulen kommune, men om dette var den opphevlege staden veit si ikkje sikkert. Ein svakheit for teorien om Guløy som opphavleg tingstad er at det i nokre versjonar av Håkon Håkonssons saga står at han «lét gjere kyrkje i Guløy nord for Bergen og flytte Gulatinget dit».[1] Når i hans regjeringstid frå 1217 til 1263 dette hende er ikkje sikkert. Då Landslova skulle leggast fram for tinga i 1274 heitte det at ting skulle møte «i Guløy på rett tingstad».[2] Knut Helle konkluderar i boka Gulatinget og Gulatingslova med at Gulatinget vart «halde på minst tre ulike stader i mellomalderen: Fyrst «I Gulen», så «i Guløy» og til slutt i Bergen».[3] Den fyrste staden presiserar han i oppsummeringa ikkje nærare, men i drøftinga nemner han Dingenes, Eivindvik og Stemnebø som kandidatar.

Guløy

«Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti». Slik begynner sagnet om korleis Guløy fekk namnet sitt.

I Gulafjordane fann dei eit allereie utvikla samfunn, der folket som budde der, i trange dalar og uframkommeleg terreng, hadde organisert seg, så dei var sjølvhjelpne med det meste. Det måtte vere. sikkert for åttak utanfrå. Guløy var lett å vakte frå landsida og oversiktleg frå sjøsida.Det er bygd vardar på på fjella over Svaberg, på Midtunfjellet, Stevnebøfjellet og Næverdalsfjellet. 4 vardar med Guløy i midten. På andre sida av fjorden ligg Glosvik, kjem av gløse, glo, sjå, der held dei vakt, der hadde dei god utsyn til tingstaden.

Namn på Flolid/Guløy som framleis er i bruk:

  • Domsteinen, ligg på toppen av Guløy. Namnet seier kva han vart brukt til. Når du står ved steinen, vendt mot landsida, ser du berget slik det var før det grodde til for mykje, eit fint amfi.
  • Tingvollane, det var vel tingvollane.
  • På austsida ligg Knarrholmen, der vølte dei båtane. Tidlegare kunne dei sjå ei steinsett gropder, med restar etter kol. Knarr er ein båttype som var brukt i vikingtida.
  • På vestvågen ligg Veholmen, der vigsla dei tinget med blot i hedensk tid.
  • Krosshaugen, det er vel rimeleg å tru at her stod krossen, den første dei hadde på tinget. Den vesle krossen som vart flytta til kyrkja på Flolidstranda, og seinare fekk avslege eine armen, då han vart flytta til Eivindvik.

Det er på Flolid at minnesmerket Tusenårsstaden Gulating står.

Eivindvik og Stemnebø

Ein kandidat til opphavleg tingstad er Eivindvik, der to steinkrossar ofte vert tolka som ei markering av tingstaden. Som nemnd over kan det eine ha vorte flytta hit, og det er elles ingen dokumentasjon for at dei har noko med ein tingstad å gjere.

Ein annan kandidat er Stemnebø, som truleg opphavleg heitte Bø og som vel fekk fyrsteleddet stemne- nett fordi folk sette stemne der.

Flytting til Bergen

Flyttinga til Bergen fann som nemnd stad kring 1300. Vi veit at Håkon V Magnusson var på tinget der i 1310, så innan då hadde det truleg flytt.

Referansar

  1. Sitert frå Helle 2001: 51.
  2. Sitert frå Helle 2001: 51.
  3. Helle 2001: 52.

Litteratur og kjelder