Gulatinget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gulatinget var tingstaden for Gulatingslagen, det vil seie området der Gulatingslagen var gjeldande rett. På tigstaden samla folk seg kvar vår for å avgjera tvister og døme i saker. Namnet kjem frå Gulen, der den opphavlege tingstaden låg frå 900-talet. Kring 1300, etter at Landslova hadde teke over for landskapslovane, vart tingstaden flytta til Bjørgvin, og frå 1604 vart området kalla Bergen lagting.

Namnet er teke vare på i form av Gulating lagmannsrett i Bergen, som dekker eit noko mindre område enn den gamle Gulatingslagen.

Møtetida for tinget var opphavleg på våre, og i kristen tid var det sett til torsdag i påskeveka, altså fyrste torsdagen etter påskedagen. Tida vart seinare flytta. I 1274 er botolvsmesse den 16. juni nemnd, og frå 1325 vart tinget samla til jonsok.

Tingstaden

Ein tingstad for Gulatinget var på garden FlolidGuløy i Gulen kommune, men om dette var den opphevlege staden veit si ikkje sikkert. Ein svakheit for teorien om Guløy som opphavleg tingstad er at det i nokre versjonar av Håkon Håkonssons saga står at han «lét gjere kyrkje i Guløy nord for Bergen og flytte Gulatinget dit».[1] Når i hans regjeringstid frå 1217 til 1263 dette hende er ikkje sikkert. Då Landslova skulle leggast fram for tinga i 1274 heitte det at ting skulle møte «i Guløy på rett tingstad».[2] Knut Helle konkluderar i boka Gulatinget og Gulatingslova med at Gulatinget vart «halde på minst tre ulike stader i mellomalderen: Fyrst «I Gulen», så «i Guløy» og til slutt i Bergen».[3] Den fyrste staden presiserar han i oppsummeringa ikkje nærare, men i drøftinga nemner han Dingenes, Eivindvik og Stemnebø som kandidatar.

Guløy

«Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti». Slik begynner sagnet om korleis Guløy fekk namnet sitt.

I Gulafjordane fann dei eit allereie utvikla samfunn, der folket som budde der, i trange dalar og uframkommeleg terreng, hadde organisert seg, så dei var sjølvhjelpne med det meste. Det måtte vere sikkert for åttak utanfrå. Guløy var lett å vakte frå landsida og oversiktleg frå sjøsida. Det er bygd vardar på på fjellet over Svaberg, på Midtunfjellet, Stevnebøfjellet og Næverdalsfjellet, 4 vardar med Guløy i midten. På andre sida av fjorden ligg Glosvik, kjem av gløse, glo, sjå, der held dei vakt, der hadde dei god utsyn til tingstaden.

Namn på Flolid/Guløy som framleis er i bruk:

  • Domsteinen: ligg på toppen av Guløy. Namnet seier kva han vart brukt til. Når du står ved steinen, vendt mot landsida, ser du berget slik det var før det grodde til for mykje, eit fint amfi.
  • Tingvollane: det var vel tingvollane.
  • På austsida ligg Knarrholmen: der vølte dei båtane. Tidlegare kunne dei sjå ei steinsett grop der, med restar etter kol. Knarr er ein båttype som var brukt i vikingtida.
  • På vestvågen ligg Veholmen: der vigsla dei tinget med blot i hedensk tid.
  • Krosshaugen: det er vel rimeleg å tru at her stod krossen, den første dei hadde på tinget. Den vesle krossen som vart flytta til kyrkja på Flolidstranda, og seinare fekk avslege eine armen, då han vart flytta til Eivindvik.Denne små krossen om opphaveleg var på Gulatinget, stod innafor kyrkjemuren, til ca 1930-40. Seinare vart han slått sund og lagt i ei grøft. Dei to krossane som står i Eivindvik no, vart flytta dit dei står, i prost Dahl si tid. Dei har altså vore flytta, kanskje fleire gonger. Niel Griis Astrup Dahl var prest i Eivindvik prestegjeld på 1800- talet.

Kyrkja på Flolidstranda: Namnet Kyrkjehaugen er framleis i bruk. Her har det stått ei kyrkje. Det er rimeleg å tru at dette er kyrkja som Håkon Håkonson bygde på 1200-talet. "Hann let gera kirku i Guley nodr frå Bjørgun og færdi tangat Gulating" (Håkonar saga 2 side 266). Det skulle tyde: Han bygde kyrkje i Guløy, der dei reiste/hadde reist til Gulating. Nokre meiner at dette tyder på at tinget vart flytta til Bergen allereie på Håkon Håkonssons tid. Håkon Håkonson rusta opp på Holmen.( no Bergenhus festning) Han bygde ein ring av stein rundt, som vern mot brann og fiendar. Bergen vart hovudstad og Holmen og kristkyrkja det politiske sentrum. Kristkyrkja vart brukt til forhandlingar og kyrkjegarden til tingstad ved kongehyllingar og riksmøte. (wikipwedia) Han flytte nok tinget dit. Hadde dei framleis reist på Gulating hadde teksten vore ein annan. Håkon Håkonson bygde fleire kyrkjer, ikkje berre der det hadde vore Gulating. Merknad: det står ikkje noko i soga om at han flytte tinget.

Kyrkjer i Gula: Kyrkja på Flolidstranda skal ha vorte flytta til Eivindvik, der det en nemnd ei kyrkje frå 1329.[4]

Eivindvik var ikkje var prestegard i 1360. Garden er oppført som skattebetalande gard. Med Bjørgyngjar kalvskin side 56 som kjelde nemner E. Bjordø denne skattelista. Den utflytte gulingen E. Bjordø seier i boka Eivindvik kirke og Gulens historie fra de eldste tider (1939): «Det er ikke noget sagn eller historisk beretning som gir oss forvisning om at Olav den hellige bygget kirken i Eivindvik. De lærde har havt tilbøielighet til at kullkaste hele folketradisjonen, der alle uten untagelse har henlagt Gulating og kirken til Guløy. For over hundre år siden fant man rester av grundmuren efter denne kirke. Både sorenskriver Blom og C. Kraft mener at dette er kirken på Flolidstranden som Håkonsons saga omtaler. Prost Dahl og oberstløytnant Holch seier at der er fundet spor efter tomten, og at den opprinnelige kirke er flyttet fra Flolid til Eivindvik.»

Litt kyrkjehistorie: I bygdeboka "Brekke Herrad" frå 1944 av Engesæther bind 1 s. 93 står det: "Fra reformasjonen i 1536 til 1808 omfatta prestegjeldet Eivindvik hovedsokn og Utvær eller Husøy kapellsokn av Voss og Nordhordland prosti, og Brekke Bø og Lavik annekssokner av Ytre Sogn prosti. Soknepresten i Eivindvik hadde stor prestegard i Eivindvik." Vidare er opprekna inntektene. "Lat oss ikkje gløyme at revolusjonen var ein veldig revolusjon for folket, både åndeleg og økonomisk. Folk var ikkje heilt kome til hektene etter svartedauen og andre farsottar som hadde herja over landet. Deira økonomiske evne var nok sterkt avgrensa for å kunne møte dei problem som med tvang kom veltande innover dei. Kyrkjene som bøndene hadde plikt til halde vedlike kom til nedfalls." Ved reformasjonen vart Guløy og Risnefyrder kyrkjer saman med 3 andre kyrkjer gjort til soknekyrkjer, i det nyoppretta vidstrakte Eivindvik prestegjeld. Bøndene var klar over pliktene sine andsynes vedlikehald av kyrkjene og hadde og hadde gjort seg flid med å skaffa saman materialer til dette føremål. Av folket i Gulafjordane var meterialane lunna opp ved sjøen på Flolidstranda der kyrkja stod, og av folket i Risnefjorden var materialane sanka saman på Haugland der kyrkja stod. forts.

Reisa til Gulating: Voggesullar om Gulating "Me gyra øykjom med salen blå, med salen blå og løysa ferdi i otta grå. Syng bjødnafell, syng fonn, syng fjell. Til Gulatingje me vilja fram, me vilja fram, med nistebomba og bjødnaham. Syng himlar blå, syng stjernor små. Fyr solarfell lyt me vinna fram, me vinna fram, om Langeleitet til Veslakvam. Syng natti sval, syng Storedal. Me fara dalar, me fara fjell, me fara fenner og blanke svedl. Syng måne bli, syng ljos i li. Me kvila natti med hugen heil, med hugen heil, men neste gongen ev Krossangjeil. Syng bjødnaham, syng færi fram. Ved solfallsbilom på tredjandag, på tredjandag, ved Fljålistrendom dei sit i lag. Syng ljosan kveld, syng fjor, syng fjell. Når bu er fjelga og klæe bytt, og klæe bytt, dei mydlo kjenningar fertta nytt. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell. På gamle heilage Gulating, på Gulating, dar sit han gofar i rett og ring. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell. Og når han Bjarne vert sterk og stor, vert sterk og stor, då fer han fylgja med far og mor. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell."

Stora Marjo var frå Lavik i Eksingedalen. Ho kunne mange viser og segner. Ho var flink å fortelje. Denne visa stod på trykk i boka "På Klårfjell" som Lars Eskeland gav ut i 1938. Lars Eskeland var fødd på Stord, 1867-1942. Han var føregangsmann for folkehøgskulerøyrsla og målsaka.

Det er på Flolid at minnesmerket Tusenårsstaden Gulating står.

Eivindvik og Stemnebø

Ein kandidat til opphavleg tingstad er Eivindvik, der to steinkrossar ofte vert tolka som ei markering av tingstaden. Som nemnd over kan det eine ha vorte flytta hit, og det er elles ingen dokumentasjon for at dei har noko med ein tingstad å gjere.

Ein annan kandidat er Stemnebø, som truleg opphavleg heitte Bø og som vel fekk fyrsteleddet stemne- nett fordi folk sette stemne der.

Flytting til Bergen

Flyttinga til Bergen fann som nemnd stad kring 1300. Vi veit at Håkon V Magnusson var på tinget der i 1310, så innan då hadde det truleg flytt.

Referansar

  1. Sitert frå Helle 2001: 51.
  2. Sitert frå Helle 2001: 51.
  3. Helle 2001: 52.
  4. DN I, nr. 206.

Litteratur og kjelder