Gvarvvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gvarvvegen i Midt-Telemark kommune går austover frå Bøgata i krysset med Valenvegen i Bø til Strannavegen i krysset med Gvarvgata på Gvarv.
Gvarvegen er ein del av riksvei 36 og har namn etter tettstaden Gvarv. I samband med kommunesamanslåinga mellom Bø og Sauherad 1. januar 2020 blei Gvarvvegen og Bøvegen i 2019 slått saman til Gvarvvegen. Vegen er om lag 6,5 km lang og blei namnsett frå Bø til den tidlegare kommunegrensa i 1991 og vidare til Gvarv i 2019.
Det meste av vegen går langs Bøelva, og der han passerer Beverøya camping låg i gammal tid ei tømmervelte, «Sperrudvelta», som er eit registrera kulturminne. Hit blei tømmer køyrt med hest for å fløytas vidare på elva til Norsjø.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972, s. 172-173.
- Kulturminnesøk: Sperrudvelta
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
- Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing., 2018.