Hærkystbatteriet på Berkneset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. apr. 2018 kl. 07:50 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (oppdat m bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre.[1]

Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.[2]

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og Ørsta, dei tyske høyrde til i Organisation Todt. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.[3]

Bevæpninga på Berkneset var i 1943 fire 10,5 cm feltkanonar forutan maskingevær og mitraljøsar. På slutten av krigen var det i tillegg kome ei 7,5 cm feltkanon, ei 2,5 cm panservernkanon og to 2,5 cm luftvernkanonar.[4]

Batteriet på Berkneset hadde som hovudoppgåve å sikre den indre skipsleia langs Storfjorden. Det var ikkje i direkte kamp. Men under flyangrepet i Ørstafjorden 5. desember 1944 opna luftvernkanonane eld mot dei allierte flya, utan nemnande verknad.[5] Det same gjeld flyangrepet i Dalsfjorden 23. mars 1945.

Batteriet vart nedlagt ved kapitulasjonen i mai 1945. Tyskarane vart likevel verande fleire veker på Berkneset, først og fremst for å rydde vekk piggtråd og store mengder landminer. Fleire installasjonar (kanonfundament, bunkrar o.l.) frå verksemda er framleis (i 2011) synlege.

Bilde frå 2018

Referansane i bildetekstane er frå Flatmark 1994. Klikk på lenka under litteratur og ein kjem til side 87.

Litteratur

Referansar

  1. Flatmark s. 9.
  2. Hasle s. 270f.
  3. Alme s. 45f, Flatmark s. 87.
  4. Flatmark s. 88.
  5. Alme s. 45, 48f.


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Hærkystbatteriet på Berkneset er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.21997° N 5.93467° Ø