Høygardane (Dale) krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2017 kl. 12:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over Høygardane krins i kart 1860-1895
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høygardane (Dale) krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen famna om gardane Hunskår, Dale, Kåle, Almenning og Sageflåten, og husmannsplassane Ulva, Svartesvadet, Mattisplassen, Amundsplassen oh Haugen. I 1895 bytte elevane frå Sageflåten til Reed krins I 1922 var det 12 veker skuletid i krinsen og dei delte ein lærarpost med Nesstranda krins. Læraren hadde 2 veker skule i kvar krins. Dei siste åra skulen var i drift var det todelt skule med ein lærar i storskulen og ei lærarinne i småskulen. I 1949 vart Høygardane krins slegen saman med Reed krins.

Skulehus

Høygardane skule

  • Byggeår: (1964) 1922
  • Fungerte som skule: 1922-1949
  • Anna bruksområde: Opphavleg bygd som skulehus for Hole krins og flytta til Dale i 1922.

Krinsen leigde rom på Dale fram til 1922. Då vart det bygd skulehus. Det var det gamle skulehuset på Sætre som vart flytta og sett opp att på Dale. Skulen hadde kjellar i full høgd. Rominndelinga i hovudetasjen var som ei tradisjonell røykestove med eit klasserom, gang og eit lite kammers. Lærarar som ikkje var frå krinsen budde på kammerset.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Gåsemyr Lars Høygardane 1853 1865
Reed d.e. Gabriel Høygardane skule, Nesstranda skule 1865 1882
Rye Mons Høygardane, Nesstranda skule 1882 1887
Aasebø Erik A. Høygardaneskule, Årdal skule 1887 1891
Reed Gabriel Høygardane 1881 1897
Glomnes Kristianne Høygardane 1887 1902
Førde Krispinus Høygardane skule, Årdal skule 1897 1919
Bogstad Ingolv Høygardane 1919 1927
Støyva Rakel Høygardane 1927 1931
Næss Ingebrigt Nesstranda skule, Kandal skule, Årdal skule, Førde skule Høygardane skule 1894 1937 Arbeidde som lærar til han var 75 år.
Hunskaar Arne Høygardane skule, Kandal skule 1937 1949
Myklebust Kristi Høygardane 1933 1942
Myklebust Synnøve Høygardane skule, Kandal skule, Reed skule 1942 1945

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.755619° N 6.365870° Ø