Hallingskeidvegen frå Osa

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 17. aug. 2020 kl. 12:24 av Louise (samtale | bidrag) (Historie)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
På tur ned mot Ossete

Hallingskeidvegen frå Osa og oppover i høgfjellet, i Ulvik herad, er ein spennande og litt krevjande tur. Vegen har vore nytta til ferdsel i uminnelege tider. Ruta er i dag tilrettelagt for turgåarar av Bergen Og Hordaland turlag og Venelaget for Osa-slepa. Ein kan gå både frå Hallingskeid turisthytte, og ein kan starta i Osa og ta tyngste delen når ein er opplagt om morgonen. Turen går ein på ein (lang) dag.

Beskrivelse av turen

Turen starter på god tursti og fortset på steintrappar et stykke opp i fjellsida til Ossete. På Ossete har det vore støling i hundrevis av år. Herifrå er det grei sti og godt merka til fjells. Det er bratt og krevjande, men du får stadig betre utsyn. Vel oppe, møtes du av eit goldt landskap, prega av at det ikkje er lenge sidan isen låg, og at mykje har smelta i dei seinare åra. Men det er lett å gå i, og det er flott høgfjellsplatå der du går langs mange små vatn som blenkjer fint i sola. Dette er ein godvèrstur. Øvst i Buerdalen ser du endeleg jernbanelina og Rallarvegen i det fjerne, og no ber det jamt og roleg nedover. Ved stikryss mot Rembesdalen vert underlaget mjukare med gras, mose og lyng. Her har det vore busetjing. Når du nærmar deg Moldåa, passar det med ein liten pause for å sjå utover flatene mot Hallingskeid og stølane der. Det var desse områda som vart brukte til møteplass, kappleik og handel i gamal tid. Etter å ha kryssa brua over Moldåa er du straks framme på Rallarvegen og følgjer denne fram til DNT-hytta på Hallingskeid. Hytta er frå tida da Bergensbanen var bygga. Her passar det å overnatte.

Turen kan sjølvsagt gås motsett veg. Det anbefalast å starte med ein overnatting på Hallingskeid dersom du vil nå buss frå Ulvik og vidare til Bergen same dag.

“Pengesteinen”, vart denne pausestaden kalla. Her er dei komne høgt til fjells.
På Ossete har det vore støling i fleire hundre år

Historie

Vegen frå Osa til Hallingskeid har vore nytta av bygdefolk og langvegsfarande gjennom tusenvis av år. I Ulvik, Eidfjord og i Ullensvang finn ein opparbeidde vegar med til dels omfattande tilrettelegging av trapper og steinsette parti. Vegen gjennom Norddalen frå Osa til Hallingskeid er ein av fleire slike gamle vegar, også kalt sleper, mellom Hardangerfjorden og høgfjellet. Vegen er ein del av ein førhistorisk infrastruktur som hadde stor praktisk og økonomisk verdi for lokalsamfunnet, men og for storsamfunnet. Det er godt dokumentert at folk frå fjordbygdene på vestlandet dreiv omfattande fangst i høgfjellet. Det var i hovudsak rein som vart jakta på i stor stil, med nærast industriell karakter allereie frå bronsealder, og kanskje før det og. Jakt på rein var ei høgt prioritert oppgåve for folk ved fjorden gjennom fleire tusen år. Funn av fangstanlegg og reiskap for jakt og fiske er av eit slikt omfang at det viser at det må ha vore stor trafikk mellom fjorden og fjellet.

Handel med varer og levande dyr vart eit bruksområde for vegsambandet, og førte truleg til gradvis utbetring av vegen. Frå middelalderen vart vegen nytta i samband med handel mellom aust og vest. Namnet "Hallingskeid" ber med seg prov på at ein der møtte Hallingar, altså folk frå Hallingdal, for mellom anna å ri om kapp med hest, der av endinga "Skeid" som tyder "løp" eller "Renn" . "Skeid" kan og brukast om eit vegstykke mellom gardar, i følgje Norsk Etymologisk Ordbok. (3) Frå folkeminnet er det ei vel etablert oppfatning at det frå svært gammal tid var marknader både på Hallingskeid og i Grøndalen, der Hallingar, Vossingar, Sogningar og Hardingar møttest Der vart det handla, utveksla nyhende og halde konkurransar i ulike idrettsgreiner.

Mykje tydar på at det allereie på 1300-talet var handel mellom Bergen og Osa som var viktig også i internasjonal samanheng. Saltkoking var ei sentral næring i området, og dette vart mellom anna brukt som betaling for jarn produsert på austlandet. Jarnet vart seld vidare på kysten og i internasjonal handel. Vegen opp Norddalen har altså vore ein hovudgrunn for folk å oppsøke Osa. Jordbruket i Osa er på lag like gammalt som elles i området, men det er heilt fram til i dag ressursane i høgfjellet som har vore grunnlaget for busettinga ved Osafjorden. Beitebruk og driftehandel har vore vesentlege inntektskjelder, samt jakt og fiske og handel med salt. Osa vart eit knutepunkt for ferdafolk, noko mellom andre Olav H. Hauge skriv om i diktet "Osamannen". På slutten av 1700-talet vart det etablert permanente stølar ved Finsevatnet. Det var folk frå Osa som støla der i byrjinga, og Finse vart heilt opp til moderne tid kalla "Osafinse", då det frå gammalt var eit vatn til lenger aust som og heitte Finse, i dag "Finsbergvatn".

I nyare tid vart vegen mellom anna nytta til transport av materiell i samband med bygginga av Bergensbanen mellom 1880 talet og 1909. Fleire av dei involverte i bygginga av høgfjellstrekninga kom frå Ulvik. Vegen gjennom Norddalen var grei å gå, og som i dag var det ein av den kortaste rutene mellom Hardanger og Sognefjorden. Truleg har vegen blitt til gjennom kontinuerleg utbetring - berre enkelte deler av stien har vore opparbeidd med trapper og skjeringar. Framleis nyttar lokale bønder vegen i si næring, men fotturistar er den største brukargruppa i dag. Norddalen er eit populært turområde for lokalbefolkning og tilreisande, men i dag er området noko prega av den same tendensen ein finn mange andre stader. Det landskapet som vart forma av tusenvis av år med uthenting av ressursar, står i dag i fare for å bli henta tilbake til naturen slik det var før folk kom og tok området i bruk.

Hallingskeid seter ligger på sletta på Hallingskeid som har vært handelsplass og møtested mellom øst og vest i lange tider.

Kulturminne

Opp Norddalen er det store mengder arkeologiske spor. Lausfunn viser at området var i bruk alt i steinalderen. Det er gjort arkeologiske funn ved fjorden og oppe i høgfjellet som viser at området var i bruk av nomadiske jegerfolk alt i steinalderen. Sjølve stien vart registrert som et førreformatorisk kulturminne i 1998 og er freda i etter kulturminneloven. Ved overgangen til jordbrukssamfunnet og bronsealder finn vi tydelege teikn på at fjellet var ein viktig del av næringsgrunnlaget. Ledegjerder, bogestille og dyregraver er det mykje av, samt andre arkeologiske funn om vitnar om bruk av fjellet gjennom tidene. (1) I fjellet ovanfor er det funn av meir faste buplassar, mellom anna på Finse. Samanlikning av steinredskap viser at det var folk frå same kultur som dei ved kysten. Ved arkeologiske undresøkingar har ein mellom anna funne spor etter maritim fisk , brukt som niste i samband med fangsanlegget ved Finnsbergvatnet som var i bruk alt i bronsealder. Dette indikerer at dei som låg i fjellet og jakta rein kom frå vest.(2)

Utvalte kulturminne langs ruta:

Kulturminne Beskrivelse Kulturminnesøk-ID Koordinater
Osa Fossekompani Hus Osa Fossekompani 60.589278° N 7.0404843° Ø
Osaflorane Stor steinblokk med restar etter to skålgropar 222183 60.6003096° N 7.0478798° Ø
Ossete Støl 126950 60.6193442° N 7.0613001° Ø
Sverreshogg Varde Sverreshogg 60.6270528° N 7.0954° Ø
Gunnulven Varde 107078 60.6343778° N 7.1113583° Ø
Slepa Osa - Hallingskeid Vegminne 108366 60.5968495° N 7.0425639° Ø
Budalsbrotet Varderekke 107068 60.6562827° N 7.1957157° Ø
Buadalen Ruin etter enkel bu 107066 60.6575361° N 7.2154867° Ø
Hallingskeid Turisthytte Hallingskeid 60.6681306° N 7.248175° Ø
Gammel Jernbanetrasé Jernbanetrasé Gammel jernbanetrasé 60.6609984° N 7.2501342° Ø

Flora

Heile plantelivet vi ser har så langt ein veit med få unntak kome til og vandra inn litt etter litt etter istida. Planter vi no kallar fjellplanter fylgde iskanten etter kvart som den trekte seg attende. Med klimaforandring kom skog frå sør og aust, samt strandplanter med havstraumane. I Ulvik møtest planter som "høyrer heime" på Austlandet og kystplanter som har sine innergrenser. i Osa. I skuggen av orreskogen finn vi ein rik flora med bringebær (Rubus idaeus), trollurt (Circnea alpina) og springfrø (Impatiens noli-tangere). Lenger inne i dalen passerer vi eit granplantefelt og eit par "stuv- almer" (Ulmus glabra). På større steinblokker uti elva kan ein finne bergveronika (Veronica fruticans) og kvitbergknapp (Sedum album). Staslege bestander av storklokke (Campanula latifolia) dukkar opp i liene. og jåblom (Parnassia palustris) dukkar opp i stien på fuktig mark som teikn på at kalken dominerer jordsmonnet. Når verste oppstigninga er overstått kjem ein opp i ras og blokkmarks-område såkalla "karstlandskap" med spreidd bjørkeskog og vierkratt. Her kjem til syne, ein for botanikarane spennande og rik fjellflora med reinrose (Dryas octopetala) og raudsildre (Saxifraga oppositifolia), iblanda "låglandsplanter" som kystfrøstjerne ( Thalictrum minus), kung (Origanum vulgare) og tågebær (Rubus saxatilis). Ei lita bregne fjell-lok (Cystopteris montana) dukkar opp like attmed stien på ein av sine vestligaste utpostar her i landet. Her kan ein og finne Noregs nasjonalblom bergfrue (Saxifraga cotyledon) !

Les mer (eksterne lenker)

Turbeskrivelse på UT.no: https://ut.no/turforslag/114850766/historisk-vandrerute-osa-hallingskeid-hallingskeidvegen

Om Historiske vandreruter på Riksantikvarens nettside: https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/historiske-vandreruter/

Venelaget for slepa mellom Osa og Hallingskeid: https://www.facebook.com/Hallingskeidvegen

Om Hallingskeid turisthytte på Digitalt museum: https://digitaltmuseum.no/011085443290/hallingskeid-turisthytte

Om markedsplassen på Hallingskeid på Digitalt museum: https://digitaltmuseum.no/011085439886/marknadsplassen-pa-hallingskeid

Kilder

Kolltveit 77, Ulvik Bygdeboknemd, s89 (Indrelid 2014)
Kolltveit 1977(red.), Ulvik,Eidfjord Og Granvin «Bygdesoga», s. 80 og S.
Indrelid "oppdagelser på hardangervidda , Nord 2014
Norsk etymologisk ordbok, Caprona 2013, Kagge forlag 4: Kolltveit 77 s183 - 188.

Historiske vandreruter logo.png Artikkelen Hallingskeidvegen frå Osa inngår i prosjektet «Historiske vandreruter». Målet med dette prosjektet er å øke kjennskapen til og bruken av gamle ferdselsruter med både kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvaliteter. Den Norske Turistforening (DNT) og Riksantikvaren samarbeider om prosjektet.[1] Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes via prosjektforsida og denne alfabetiske oversikten.