Hallvard Nordheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Nordheim (1855-1943) var ein kyrkjetenar, kyrkjesongar og gardbrukar frå Stabblandet i noværande Aure kommune. Han budde i Søgarden på Nordheim.

Religiøse folketonar

Nordheim kunne svært mange religiøse folketonar. Folkemusikkinnsamlaren Kristian Halse samla inn i alt 42 slike songar frå han i åra 1928 og 1929. Folkemusikkinsamlaren Edvard Bræin var også gjest hjå Nordheim ved fleire høve, og skreiv ned 33 songar etter han. Helge Husby har kalla Nordheim "ein av Nordmøres rikaste kjelder av religiøse folketonar".

Songteknikken som Nordheim bruka vert ofte kalla kveding, men på Nordmøre har ein som oftast ganske enkelt bruka "å søng gammelt" som skildring av denne gamle måten å syngja på.

Øvrige opplysningar

Hallvard Nordheim var fråhaldsmann, og sat ei tid som representant for partiet Venstre i heradsstyret. Det kan elles nemnast at Nordheim gav tomt til ungdomshuset Nordvang.

Litteratur

  • Husby, Helge: Folkesongaren Hallvard Nordheim. I: Årbok 2010. Aure Historielag