Hamre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. des. 2015 kl. 10:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hamre kommune''' i Hordaland vart oppretta som '''Hammer kommune''' i 1885, då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. Namnet vart endra til Hamre i 1915. Namnet kjem...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hamre kommune i Hordaland vart oppretta som Hammer kommune i 1885, då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. Namnet vart endra til Hamre i 1915. Namnet kjem frå tettstaden Hamre.

I 1903 vart Åsane sokn utskild som Åsane kommune, som no er ein del av Bergen. Eit mindre område vart overført til Åsane i 1914, og Hamre kommune svara då i store trekk til [[Hamre sokn] vest på Osterøya, med eit areal på 81 km².

I 1964 vart den nordre delen av Hamre innlemma i Lindås kommune, og den søndre i Osterøy kommune. Det var då 2572 innbyggjarar i Hamre.

Litteratur