Hans Helgesen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Hans Helgesen|Hans Hansen Helgesen]]''', (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rensburg i Holstein den 28. februar 1858), var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som [[De tre norske graner]] for deira heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850.
[[Fil:Dyvekes hus.jpg|Dyvekes hus 1910. Hans Helgesens barndomsheim. Foto: Ragnvald Væring.|thumb]]'''[[Hans Helgesen|Hans Hansen Helgesen]]''', (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rensburg i Holstein den 28. februar 1858), var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som [[De tre norske graner]] for deira heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850.


Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla [[Gamlebyen]] i Oslo, men som den gongen tilhøyrde [[Aker prestegjeld]]. Foreldra Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han hadde ei funksjonærstilling (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved [[John Collett]]s alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong [[Kristian 2]]. s elskarinne i Oslo.
Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla [[Gamlebyen]] i Oslo, men som den gongen tilhøyrde [[Aker prestegjeld]]. Foreldra Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han hadde ei funksjonærstilling (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved [[John Collett]]s alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong [[Kristian 2]]. s elskarinne i Oslo.

Sideversjonen fra 15. mar. 2013 kl. 13:14

Dyvekes hus 1910. Hans Helgesens barndomsheim. Foto: Ragnvald Væring.

Hans Hansen Helgesen, (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rensburg i Holstein den 28. februar 1858), var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som De tre norske graner for deira heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850.

Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla Gamlebyen i Oslo, men som den gongen tilhøyrde Aker prestegjeld. Foreldra Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han hadde ei funksjonærstilling (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved John Colletts alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong Kristian 2. s elskarinne i Oslo.

Helgesen gifta seg i Frankrike i 1819, visst nok med dotter til ein mølleeigar. Namnet hennar er ikkje kjent. Ho døydde i 1836. Dei hadde fleire born, derav to søner som vart offiserar i den franske hæren. Men data og omstende rundt Helgesens ekteskap er svært usikre.

I 1804 byrja Hans Helgesen på latinskulen, og gjekk der saman med den seinare skipsreiar og velgjerar Mogens Thorsen. I staden for universitetsstudiar fekk Helgesen kome på Krigsskulen (Kadettkorpset) i øvste klassen i 1811. Han tok offiserseksamen i ved nyttår 1813. Han fekk premieløytnants grad i 1813 og kom til Telemarkske regiment. Han tenestegjorde under Frederik Adolf Schleppegrell i «Kattekrigen» mot Sverige sommaren 1814.

Etter fredsslutninga nekta Helgesen saman med Schleppegrell og kameraten Olaf Rye å gå i teneste under den nye kongen, og forlet landet. Helgesen kom i preussisk teneste, og skal ha kjempa ved Ligny og Waterloo.

I 1818 slo Helgesen seg til i Frankrike, der han gifta seg, og der han livnærde seg og familien på ulike vis, mellom anna ved å importere hestar til Frankrike frå Danmark og Sverige.