Hans Helgesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Dyvekes hus 1910. Hans Helgesens barndomsheim. Foto: Ragnvald Væring.

Hans Hansen Helgesen, (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rensburg i Holstein den 28. februar 1858), var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som De tre norske graner for deira heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850.

Bakgrunn og oppvekst

Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla Gamlebyen i Oslo, men som den gongen tilhøyrde Aker prestegjeld. Foreldra Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han hadde ei funksjonærstilling (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved John Colletts alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong Kristian 2. s elskarinne i Oslo. (Det har hittil ikkje lykkast å finne familien i folketeljinga 1801.)

I 1804 byrja Hans Helgesen på latinskulen, og gjekk der saman med den seinare skipsreiar og velgjerar Mogens Thorsen.

Militær utdanning og stilling til 1814

I staden for universitetsstudiar fekk Helgesen kome på Krigsskulen (Kadettkorpset) i øvste klassen i 1811. Han tok offiserseksamen i ved nyttår 1813. Han fekk premieløytnants grad i 1813 og kom til Telemarkske regiment. Han tenestegjorde under Frederik Adolf Schleppegrell i «Kattekrigen» mot Sverige sommaren 1814.

Etter fredsslutninga nekta Helgesen saman med Schleppegrell og kameraten Olaf Rye å gå i teneste under den nye kongen, og forlet landet. Helgesen kom i preussisk teneste, og skal ha kjempa ved Ligny og Waterloo.

IFrankrike

I 1818 slo Helgesen seg til i Frankrike. Der gifta han seg i 1819, visstnok med dotter til ein mølleeigar. Namnet hennar er ikkje kjent. Ho døydde i 1836. Dei hadde fleire born, derav to søner som vart offiserar i den franske hæren. Men data og omstende rundt Helgesens ekteskap er svært usikre.

I denne tida livnærde familien seg på på ulike vis. Mellom anna dreiv Helgesen hestar til Frankrike frå Danmark og Sverige. Han skal også ha drive smugling.

Helgesen deltok i julirevolusjonen 1830 på opprørarane si side, og vart etter det tilsett i nasjonalgarden under Ludvig Philip.

I Danmark. Krigen 1848-1850

Etter konas død i 1836 budde Helgesen ei kortare tid i Noreg, men fekk ikkje stilling og slo seg i staden til i Danmark i 1840. Der fekk han ein liten pensjon av Christian 8 (Christian Frederik - hans konge og kommandant i 1814), og der han elles dreiv jakt og fiske i Stapelholm på Sørjylland.

Da den tyske befolkninga i Slesvig og Holstein ville lausrive seg frå Danmark i 1848, baud Helgesen seg fyrst til teneste på opprørarane si side, men ombestemte seg, drog til København og fekk fyrst stilling som kaptein under Schleppegrell. I kampane som følgde, utmerka Helgesen seg, mellom anna ved å innta og sidan forsvare den strategisk viktige byen Frederiksstad, der han så vart utnemnd til kommandant. Etter krigen var han mellom anna kommandant i byen Slesvig og sidan i Rendsborg, og fekk oberrsts grad i 1856. Hn døydde i Rendsborg to år seinare.

Kjelder og litteratur

  • Kiærland, Lars: Artikkel i Norsk biografisk leksikon (1931)
    • Oslo Militære Samfunds portrettgalleri. Utg. av Oslo Militære Samfund i anledning av 125 års jubileet 1950.