Hans Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. aug. 2013 kl. 21:32 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hans Moen''' (fødd 1. januar 1901, død 16. november 1965) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var snikkar og politikar. Han var frå garden Moen og ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Moen (fødd 1. januar 1901, død 16. november 1965) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var snikkar og politikar. Han var frå garden Moen og var son av snikkar og gardbrukar Halvor Hermundson Moen (1867-1942) og Kari Nilsdotter Ormberg (1869-1942). Han var nummer seks i ein syskenflokk på tolv.

I ung alder flytte Hans Moen til Odda og livnærte seg som fabrikkarbeidar. Seinare, truleg kring 1930, flytte han attende til Moen og livnærte seg sidan som snikkar.

Moen var lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og vart vald til formannskapsmedlem og varaordføar i Jostedalen i 1932-34, eit ombod han òg hadde i dei to neste valbolkane (1935-37 og 1938-40). Som varaordførar møtte han på fylkestinget sommaren 1936. Dei to fyrste periodane var H.N. Bruheim frå Venstre ordførar. Etter valet i 1937 vart Ove Wangensteen Haug frå Arbeidarpartiet ordførar. Etter at Haug flytte til Skjåk i 1939, vart Moen ordførar, og han hadde ombodet til han vart avsett av nazistyret i oktober 1941. Varaordførar Kr. Vigdal, også frå Arbeidarpartiet, vart då oppnemnd til ordførar av Innanriksdepartementet.

Kjelder og litteratur


Forgjengar:
 Ove Wangensten Haug 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kr. Vigdal