Hassvikvegen

Hassvikvegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går sørover frå krysset med Fjågesundvegen og Hauganvegen til Straumen ved Fjågesund brygge. Vegen har også ei nordgåande grein til garden Fjågesund Sudigard og ei sørgåande mot Fjågesund kyrkje. Han er alt i alt kring 860 meter lang.

Hassvikvegen med Fjågesund kyrkje sett frå Fjågesundvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter plassen Hassvik under Fjågesund.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Loupedalen, Torjus: Kviteseid bygdesoge I, ættesoga. Eigi forlag 1956. S. 696.


Koordinater: 59.30473° N 8.69613° Ø