Hauganvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Hauganvegen i Fjågesund.
Foto: Roy Olsen (2021).

Hauganvegen i Fjågesund i Kviteseid kommune er kring 1,2 kilometer lang. Han går sørover frå krysset med Fjågesundvegen og Hassvikvegen til Odden med Fjågesund kyrkjegard og eit sagbruk nede ved vatnet heilt vest i Flåvatn der vegen endar. Ved garden Haugan (gnr. 20/29) går ei grein nordover som endar i Hasvikvegen ved Fjågesund kyrkje.

Vegen har namn etter garden Haugan.

Haugan blei skild ut frå Vestigard Fjågesund i 1831 då Trond Olavson Lia kjøpte eigedomen av Gunnar Hansson. På Haugan har det vore posthus og telefonsentral.

Sjå også

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, gardssoga. Eigi forlag 1962. Datautgåve ved Kjell Eikland 2001 Gardssoga


Koordinater: 59.30472° N 8.69626° Ø