Haukåsen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
(korrektur, kategorier) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist) | |||
Linje 21: | Linje 21: | ||
[[Kategori:Åser og høgder]] | [[Kategori:Åser og høgder]] | ||
[[Kategori:Kommunegrenser]] | [[Kategori:Kommunegrenser]] | ||
[[ | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:12
Haukåsen er eit høgdedrag i dalbotnen i Jostedalen i Sogn og Fjordane mellom gardane Myklemyr i Jostedal sokn og Alsmo i Gaupne sokn.
Haukåsen ligg vest for Jostedøla og endar mot elva i det ville Haukåsgjelet. Dette har gjennom hundreåra vore eit vanskeleg punkt på ferdslevegen mellom Jostedalen og Røneid i Gaupne, og her gjekk den gamle prestegjelds- og kommunegrensa mellom Luster og Jostedalen.
Gamlevegen over Haukåsen var berre ein kløvveg og gjekk opp frå dalbotnen ved Hellemoøyane nord for garden Alsmo. Vegen kom ned i Myten sør for Myklemyr.
Ein køyreveg vart bygt gjennom gjelet nedmed elva i åra 1889-1891, og den gamle vegen over Haukåsen vart då lagt ned som vedlikehaldspliktig veg. Dette var det vanskelegaste punktet ein skulle forbi for å lage køyreveg frå Gaupne til Jostedalen.
I 1959 stod Haukåstunnelen ferdig, som fylkesveg 604 i dag går gjennom. Vegen gjennom gjelet vart då lagt ned.
Gamlevegen over Haukåsen vart i 2003 utvida til traktorveg på Myklemyr-sida, men dei gamle murane i bratta opp frå Myten er tekne vare på.
Kjelder
- «Gamlevegen over Haukåsen», Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane