Heddemone under Helle: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 14: Linje 14:
[[Kategori:Husmannsplasser]]
[[Kategori:Husmannsplasser]]
[[Kategori:Valle kommune]]
[[Kategori:Valle kommune]]
[[Kategori:Hylestad]]
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 26. mai 2020 kl. 22:50

Heddemone under Helle var ein husmannsplass i Hylestad i Valle kommune i Setesdal. Plassen låg under bruk et Åsheim (bnr. 26) på garden Helle (Heddi). Stoga stod om lag der Treungen ungdomshus seinare vart reist, og ein del av grunnmuren vart nytta til ungdomshuset.

Plassen var fødestaden til Håvard Hedde (1758–1802), son av Folke Torjusson Helle (omkr. 1708–1776) som budde på plassen med kona Targjerd Håvardsdotter Viki (1721–1781) og fem eller seks ungar[1]. Dei flytta frå plassen ein gong før 1764, då dei budde i Bygland[2]. Ein kjenner ikkje andre brukarar på plassen, som kan ha vorte innlemma i bruket Åsheim.

Referanser

  1. Ryningen, 1985, ss. 173-175.
  2. Vollen, 2002, s. 227.

Kjelder

  • Ryningen, Alfred: Valle kommune: I: Gards- og ættesoge Hylestad. Utg. Valle kommune. 1985.
  • Vollen, Reidar. Bygland gard og ætt. B. 1 : Birkeland, Langeid, Hegland, Ånebjør. Utg. Bygland kommune. no#. 2002. Digital versjonNettbiblioteket.