Heimeindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2017 kl. 06:23 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Heimeindustri (husindustri) er handverksbasert vareproduksjon som foregår i heimane til dei einskilde handverkarfamiliane, gjerne med medverknad både fra mann, kone og born og evt. andre i hushaldet. For å kalle det heimeindustri, føreset ein at produksjonen føregjekk i eit visst omfang, og at det var meint for marknadsomsetjing, altså ikkje produkt som var forhåndsbestilte og framstilte for bestemte einskildkundar.

Eilert Sundt greier ut om heimeindustri i Noreg midt på 1800-talet, og utgav det i bokform med tittelen Om Husfliden i Norge. I vår tid har husflid ei litt anna tyding enn heimeindustri.

Det engelske uttrykket for heimeindustri er domestic industry eller også cottage industry. Det siste uttrykket er i grunnen særleg illustrerande, fordi det peikar mot kva samfunnsgruppe desse handverkarane gjerne tilhøyrde. Det var oftast småbrukarar og husmenn som var avhengig av attåtnæringar. Men det kunne også foregå i bondefamiliar på sjølvberga gardar der det var overskot av arbeidskraft, ønske om og flid og vilje til å skaffe ekstrainntekter i lågintensive sesongar i jordbruksproduksjonen.

Den aukande utbreiinga av heimeindustri i tidleg nytids Europa er hovudinnhaldet i det som ein del historikarar har kalla den industriøse revolusjonen. Elles har det frå ca. 1970 vorte vanleg å bruke nemninga protoindustri om slik «industri før industrialiseringa».