Helga Hågeset Tufto: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenker, defaultsort + ny kategori)
(litt ekstra)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Helga Hågeset Tufto]]''' (fødd kring 1710 på Rygg i Kvisla, [[Hol kommune|Hol]], død mellom 1789 og 1797 på [[Ustaoset]]) var spelemann, den fyrste frå Hol som me kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste spelemennene i si tid, kjent under namnet ”Hågeseta” (fornavnet vert også skrive Helgæ eller Helge).   
'''[[Helga Hågeset Tufto]]''' (fødd omkring 1710 på Rygg i Kvisla, [[Hol kommune|Hol]], død mellom 1789 og 1797 på [[Ustaoset]]) var spelemann, den fyrste frå Hol som vi kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste spelemennene i si tid, kjent under namnet ”Hågeseta” (alternative namneformer: Helgæ, Helge og Hågeseter).   


Foreldra, Ola Olsen Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter Løyte, var gardbrukarar på Tufto frå ca 1740.  
Helga er den einaste kvinna som har fått plass mellom dei omkring 300 spelemennene som er omtalte i Bjørndal og Alvers bok ''Og fela ho let''<ref>Bjørndal, s. 38.</ref>. Her er ho nemnt blant dei eldste spelemennene vi kjenner namnet på i det heile. I Helga si levetid breidde hardingfela seg, og Hallingdal var blant dei eldste hardingfeleområda. Det ''kan'' derfor ha vore dette instrumentet Helga trakterte.  


Helga gifte seg med Ola Olsen Isungset (1712-1788), og dei budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, opprinneleg støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helgæ hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard, Hovet, der ho spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Tufto (1732-1820), budde ei tid med faren på [[Ringerike]], men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olsen Villand (”Villands-Tuften”).  
Helga vaks opp på garden Rygg. Foreldra hennar, Ola Olson Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter frå Løyte, var gardbrukarar Tufto i Kvisla frå ca 1740.  


Helga drukna i [[Usta]], da ho var på veg opp til Fjellberg for å bake. Ho vart funnen ved ein stein utafor Uggen, som sidan har hatt namnet Helgestein.  
Helga gifte seg med Ola Olson Isungset frå Ustedalen (1712-1788), og paret budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, som opprinneleg var støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helgæ hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert på Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard i Hovet, der ho spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Tufto (1732-1820), budde ei tid med faren på [[Ringerike]], men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olson Villand (også kalla ”Villands-Tuften”).  


== Kilder og litteratur ==
Helga drukna i [[Ustevatnet (Hol)|Usta]], da ho var på veg opp til Fjellberg for å bake. Ho vart funnen ved ein stein utanfor Uggen, som sidan har hatt namnet Helgestein.
 
== Referansar ==
<references/>
 
== Kjelder og litteratur ==
*Bjørndal, Arne og Brynjulf Alver: [http://www.nb.no/nbsok/nb/89f92c3484d383d5f9c522c0f084eafe?index=0#0 - Og fela ho let. Norsk spelemannstradisjon.] Universitetsforlaget, 1966.
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. [http://www.nb.no/nbsok/nb/6ab36fd6cfc5e5c7365760aaf05d14c8?index=0 Bind B2], s. 634, b6 om Tufto, Hågeset og Isungset.
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. [http://www.nb.no/nbsok/nb/6ab36fd6cfc5e5c7365760aaf05d14c8?index=0 Bind B2], s. 634, b6 om Tufto, Hågeset og Isungset.
*Reinton, Lars: [http://www.nb.no/nbsok/nb/8921d99ceb360596fdef017546d668ae?index=1#0 Villandane] : ein etterrøknad i norsk ættesoge. Dybwad, 1939.  
*Reinton, Lars: [http://www.nb.no/nbsok/nb/8921d99ceb360596fdef017546d668ae?index=1#0 Villandane] : ein etterrøknad i norsk ættesoge. Dybwad, 1939.  
Linje 15: Linje 21:
[[Kategori:Personer fra Hol kommune]]
[[Kategori:Personer fra Hol kommune]]
[[Kategori:Drukningsulykker]]
[[Kategori:Drukningsulykker]]
[[Kategori:Felespillere|Kategori:Spelemenn]]
[[Kategori:Felespillere]]

Sideversjonen fra 6. mar. 2013 kl. 19:41

Helga Hågeset Tufto (fødd omkring 1710 på Rygg i Kvisla, Hol, død mellom 1789 og 1797 på Ustaoset) var spelemann, den fyrste frå Hol som vi kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste spelemennene i si tid, kjent under namnet ”Hågeseta” (alternative namneformer: Helgæ, Helge og Hågeseter).

Helga er den einaste kvinna som har fått plass mellom dei omkring 300 spelemennene som er omtalte i Bjørndal og Alvers bok Og fela ho let[1]. Her er ho nemnt blant dei eldste spelemennene vi kjenner namnet på i det heile. I Helga si levetid breidde hardingfela seg, og Hallingdal var blant dei eldste hardingfeleområda. Det kan derfor ha vore dette instrumentet Helga trakterte.

Helga vaks opp på garden Rygg. Foreldra hennar, Ola Olson Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter frå Løyte, var gardbrukarar på Tufto i Kvisla frå ca 1740.

Helga gifte seg med Ola Olson Isungset frå Ustedalen (1712-1788), og paret budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, som opprinneleg var støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helgæ hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert på Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard i Hovet, der ho spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Tufto (1732-1820), budde ei tid med faren på Ringerike, men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olson Villand (også kalla ”Villands-Tuften”).

Helga drukna i Usta, da ho var på veg opp til Fjellberg for å bake. Ho vart funnen ved ein stein utanfor Uggen, som sidan har hatt namnet Helgestein.

Referansar

  1. Bjørndal, s. 38.

Kjelder og litteratur