Helga Hågeset Tufto

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. mar. 2013 kl. 23:43 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Helga Hågeset Tufto (fødd kring 1710 på Rygg i Kvisla, Hol, død mellom 1789 og 1797 på Ustaoset) var spelemann, den fyrste frå Hol som me kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste spelemennene i si tid, kjent under namnet ”Hågeseta” (fornavnet vert også skrive Helgæ eller Helge).

Foreldra, Ola Olsen Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter Løyte, var gardbrukarar på Tufto frå ca 1740.

Helga gifte seg med Ola Olsen Isungset (1712-1788), og dei budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, opprinneleg støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helgæ hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert på Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard, Hovet, der ho spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Tufto (1732-1820), budde ei tid med faren på Ringerike, men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olsen Villand (”Villands-Tuften”).

Helgæ drukna i Usta, da ho var på veg opp til Fjellberg for å bake. Ho vart funnen ved ein stein utafor Uggen, som sidan har hatt namnet Helgestein.

Kilder og litteratur

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind B2, s. 634, b6 om Tufto, Hågeset og Isungset.
  • Reinton, Lars: Villandane : ein etterrøknad i norsk ættesoge. Dybwad, 1939.