Helga Hågeset Tufto

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mar. 2013 kl. 19:41 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (litt ekstra)
Hopp til navigering Hopp til søk

Helga Hågeset Tufto (fødd omkring 1710 på Rygg i Kvisla, Hol, død mellom 1789 og 1797 på Ustaoset) var spelemann, den fyrste frå Hol som vi kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste spelemennene i si tid, kjent under namnet ”Hågeseta” (alternative namneformer: Helgæ, Helge og Hågeseter).

Helga er den einaste kvinna som har fått plass mellom dei omkring 300 spelemennene som er omtalte i Bjørndal og Alvers bok Og fela ho let[1]. Her er ho nemnt blant dei eldste spelemennene vi kjenner namnet på i det heile. I Helga si levetid breidde hardingfela seg, og Hallingdal var blant dei eldste hardingfeleområda. Det kan derfor ha vore dette instrumentet Helga trakterte.

Helga vaks opp på garden Rygg. Foreldra hennar, Ola Olson Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter frå Løyte, var gardbrukarar på Tufto i Kvisla frå ca 1740.

Helga gifte seg med Ola Olson Isungset frå Ustedalen (1712-1788), og paret budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, som opprinneleg var støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helgæ hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert på Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard i Hovet, der ho spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Tufto (1732-1820), budde ei tid med faren på Ringerike, men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olson Villand (også kalla ”Villands-Tuften”).

Helga drukna i Usta, da ho var på veg opp til Fjellberg for å bake. Ho vart funnen ved ein stein utanfor Uggen, som sidan har hatt namnet Helgestein.

Referansar

  1. Bjørndal, s. 38.

Kjelder og litteratur