Hemne prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. jan. 2009 kl. 22:02 av Olve Utne (samtale | bidrag) (→‎Vinje sokn: meir utval)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Hemne prestegjeld.png
Kart over Sør-Trøndelag som viser kvar Hemne prestegjeld ligg.

Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, er eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld dekkjer kommunane Hemne og Snillfjord og har fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899).

Sokn

Hemne sokn

Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle kyrkja, «Sancta Margrethæ», brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar.

Vinje sokn

Den tidlegare kyrkja i Vinje sokn. (Teikning: Gerhard Schønning, 1773)

Det har vore kyrkje på Vinje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.

Eit krusifiks som blir sagt å ha stått ved vegen med tak over før i tida, vart funne att under oppussinga av kyrkja i 1950-åra og heng no inne i kyrkja.[1]

Heim sokn

Kyrkja i Heim, ei typisk 1800-tals kvit langkyrkje, vart innvigd den 16. januar 1884. Før den tid var det hovudkyrkja i Hemne folk i Heim sokna til, men sjøvegen til kyrkja vart for lang. Gravlunden vart lagt ein kilometer unna på grunn av lite eigna jord kring kyrkja.

Snillfjord sokn

Kyrkja i Snillfjord, ei typisk 1800-tals kvit langkyrkje, vart bygd i 1898 og innvigd den 27. september 1899. Fram til den tid sokna folk i Snillfjorden til hovudkyrkja i Hemne, og frå 1884 dels til kyrkja i Heim.

Prestar

Referansar

Kjelder