Henrik Frederik Arild Sibbern

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2014 kl. 13:08 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Henrik Frederik Arild Sibbern''' (fødd 6. juni 1785, død 11. april 1863) var offiser og eidsvollsmann. Han var ingeniøroffiser og i løpet av dei 40 åra ha...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Frederik Arild Sibbern (fødd 6. juni 1785, død 11. april 1863) var offiser og eidsvollsmann. Han var ingeniøroffiser og i løpet av dei 40 åra han hadde stillingar og bustad i Kristiansand, sette han preg på byen og distriktet rundt med dei mange festningsverk, bygningar, vegar og andre anlegg som han var fagleg involvert i.

Han var fødd inn i ein framståande godseigar- og offisersfamilie på Verne kloster i Rygge. Foreldra var major og godseigar Georg Christian Sibbern (1732-1796) og hans andre hustru Søster Huitfeldt (fødd ca. 1758). Arild Sibbern var yngre bror av major og seinare stiftamtmann og statsråd Valentin Christian Wilhelm Sibbern, som også var eidsvollsmann.

H.F.A. Sibbern kom til København som elev ved Landkadettakademiet i 1801, og tok eksamen der i 1803. Det fyrste året etter avlagt offiserseksamen var han ved Kongens regiment i København og gjorde pasjeteneste ved hoffet for konge Christian VII. Han hadde fenriks grad, men gjorde i 1805-1806 teneste i underoffisersstilling ved Landkadettakademiet. Som sekondløytnant tenestegjorde han ved Kongens regiment i Helsingør 1807-1808. I åra 1808-1810 fekk han høgskuleutdanning som ingeniøroffiser i København.