Henrik Frederik Arild Sibbern

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreHenrik Frederik Arild Sibbern (fødd 6. juni 1785, død 11. april 1863) var offiser og eidsvollsmann. Han var ingeniøroffiser og i løpet av dei 40 åra han hadde stillingar og bustad i Kristiansand, sette han preg på byen og distriktet rundt med dei mange festningsverk, bygningar, vegar og andre anlegg som han var fagleg involvert i.

Familie

Han var fødd inn i ein framståande godseigar- og offisersfamilie på Verne kloster i Rygge. Foreldra var major og godseigar Georg Christian Sibbern (1732-1796) og hans andre hustru Søster Huitfeldt (fødd ca. 1758). Arild Sibbern var yngre bror av major og seinare stiftamtmann og statsråd Valentin Christian Wilhelm Sibbern, som også var eidsvollsmann.

Militær karriere

H.F.A. Sibbern kom til København som elev ved Landkadettakademiet i 1801, og tok eksamen der i 1803. Det fyrste året etter avlagt offiserseksamen var han ved Kongens regiment i København og gjorde pasjeteneste ved hoffet for konge Christian VII. Han hadde fenriks grad, men gjorde i 1805-1806 teneste i underoffisersstilling ved Landkadettakademiet. Som sekondløytnant var han ved Kongens regiment i Helsingør 1807-1808. I åra 1808-1810 fekk han høgskuleutdanning som ingeniøroffiser i København. Etter det vart han send til Noreg for å bistå ved eit kanalanlegg på Sørlandet. Sidan vart sidan verande i heimlandet. I tidsrommet 1811-1814 hadde han militære ingeniøroppgåver i Trondheim. Han fekk kapteins grad i 1813 og kapteins stilling i i den norske Ingeniørbrigaden og stasjonert som detachmentssjef i Kristiansand frå juni 1814.

Han vart stroken av listene i den danske hæren frå 10. august 1814, og fekk formell avskil derifrå 5. mai 1815.

Hans vidare militære avansement kan oppsummerast slik som følgjer. 1832: Major. 1853: Obersløytnant med tre års teneste ved Ingeniørbrigadens stab i Kristiania. Han tok avskil frå det militære i 1856, flytta tilbake til Kristiansand og budde der dei siste sju åra av sitt liv.

Ingeniøren

Etter 12 år som kadett og offiser i København, kom Sibbern til Noreg att i 1810. Oppdraget var terrengoppmålingar for eit påtenkt kanalanlegg i Spangereid (i nåverande Lindesnes kommune). Rett etter det vart han nytta som ingeniør til befestnings- og oppmålingsarbeid i Trondheim eit par års tid. I 1823 var han beordra til Sverige for å delta i arbeidet på Göta kanal og for å gjere planleggingsarbeid for vegutbygging i Nord-Sverige.

I den byen han snart gjorde til sin varige heimby, Kristiansand, sette ingeniøroffiser Sibbern djupe spor etter seg i bygg- og anleggverksemd. Det galdt i fyrste rekkje festningsarbied, men også ei lang rad offentlege bygningar i og utanfor byen, derunder fleire kyrkjebygg. I perioden 1842-1848 gjorde han forundersøkingar og leia arbeidet med veganlegget opp til Valle i Setesdalen.

Eidsvoll 1814

Det var som representant for Ingeniørbrigaden han møtte på Eidsvoll i 1814. Han var ein relativt ung mann

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Sibbern i Norsk biografisk leksikon 1958.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.