Herøy kystmuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 17:09 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Herøy kystmuseum vart etablert i 1981 og består av Herøy gard (Gnr. 39, bnr 1). Herøy kommune er eigar av eigedomen og Stiftinga Sunnmøre Museum har drifta av museet.

Kystmuseet ligg på ein øy, Herøy. Øya har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var tingstad med gildestove i middelalderen, kyrkjestad frå ca. 1100 -1916, prestegard fram til 1761 og handelsstad frå 1700-talet til 1916. Kyrkjeminne frå 1100-talet med gravplass. Museet i dag er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. Mellom anna ein snidbetna færing og seksring, samt ei Sunnmørsjekt frå 1700-talet.

Herøy museumsbåtlag held til på museet og arbeider som museumslag med ansvar for båtane til muset og miljøet kring dei.

Kjelde