Herøy museumsbåtlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle båtar ved Herøy gard i 2009.
Foto: Arnfinn Kjelland

Herøy museumsbåtlag er eitt av to kystlag i Herøy kommuneSunnmøre, og arbeider som museumslag med ansvar for båtane til Herøy kystmuseum og miljøet kring dei. Laget er lokallag i Forbundet KYSTEN. Målet er «å arbeide for å ta vare på og bruke tradisjonelle opne trebåtar og utvikle museet til eit aktivitetssenter for bruk av slike båtar».

Det totale miljøet kring båtane står sentralt, til dømes naustmiljø, sjøbuda, reiskap, fiske, handverk, ord og uttrykk m.m. Samarbeid med lokale museum, foreiningar og skular om aktuelle kulturverntiltak. Laget skal også samarbeide med Forbundet KYSTEN sitt landsstyre/arbeidsutvalg og sekretariat når det er naturleg og nødvendig.

Herøy museumsbåtlag har registrert båten Abraham i Tradisjonsbåtregisteret.

Eksterne lenkjer