Herman Olai Hermandsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. nov. 2018 kl. 09:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Herman Olai Hermandsen (1827-1882). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.

Handelssenter

På midten av 1800-talet snudde ein geskjeftig bergensar opp ned på det meste i Tysnes. I Gjersvik ved Våge vart det i løpet av få år bygd opp eit splitter nytt bygdesenter, med landhandel og rutebåt og postekspedisjon - ja, jamvel heradsadministrasjonen kom på plass her. Mannen bak dette svære tiltaket heitte Herman Olai Hermandsen. Han var fødd i Bergen i 1827. Far hans, som var matros, døydde då sonen berre var to år gammal. Såleis vaks Herman opp hos ein morbror, lærar F. Lie i Bergen.

Han fekk ei god utdanning – han gjekk på Bergen borgarskule og vart handelssvein, først i Bergen, sidan hos sin tilkomande svigerfar. I 1850 gifta han seg såleis med dattera i huset, EIise Nicoline Bredal Kriiger frå Molda i Os (1833-1902). Året før hadde Herman Olai kjøpt nokre eigedomar i Gjersvik på Tysnes, og i 1849 starta han sin eigen forretning med fargarverk og bakarforretning her. Han hadde nok allereie frå byrjinga tankar om å gjera Gjersvik til eit sentrum i kommunen. Det greidde han då også – i nokre år. I Gjersvik vaks det fram ein stad med både landhandel, bakarbutikk, fargeri, jamvel dampskipskai og ekspedisjon. Det førte til at det også kom offentlege funksjonar som post og bank - og i kjølvatnet tok også kommuneadministrasjonen sete i Gjersvik. Men det var berre ein hake ved det heile - Gjersvik var ikkje sentrum i Tysnesbygda, det var strandstaden Våge som gjennom hundreåra hadde utvikla seg til det naturlege midtpunktet, og Hermandsen sitt kunstige bygdesenter fekk såleis ei heller kort levetid.

Underslag

På biletet ser me huset han bygde til seg sjølv og familien. Tysnes Sparebank heldt til i dette huset dei første sytten åra. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

I desse åra då alt gjekk så godt var det mest ingen grenser for ambisjonane hans. Han engasjerte seg i utruleg mange verksemder, sat som ordførar 1854-61 og 1874-81 og sikta seg også inn mot Stortinget – slik sonen Thomas skulle koma til å gjera seinare. Men så gjekk det gale. Hausten 1882 forsvann Hermandsen, på dampskipet frå Bergen til Tysnes. Det har vore rekna med at han sprang over bord. Det viste seg såleis at det var uorden i rekneskapane til banken, der han sat som kasserar. Han hadde «lånteke» ein god del pengar – og sjølvmordet var mest ikkje til å unngå i den klemma han var hamna i, sjølv om ein pålitande tysnesing meinte at han seinare hadde sett han i Amerika. Trass i underslaget vart Hermandsen hugsa som ein respektabel mann blant folk på Tysnes. Også «madammen» hans hadde eit godt omdøme mellom folk. Ho betalte seinare tilbake alt ho kunne greia av underslaget. Dermed vart Hermandsen sitt storslåtte prosjekt i Gjersvik avvikla og enkja flytta til Bergen.

Kjelder