Hesje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 19:49 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesjing.
Foto: Olve Utne

Ei hesje (òg kalla hes i eintal somme stader på Vestlandet og i Nord-Noreg) er eit stativ av loddrette staurar med vassrette strangar eller strenger til å tørke gras, kornband og liknande i. Hesjene held graset opp frå marka slik at ein minimaliserer fuktinnslag frå jorda; regn renn av i staden for å samle seg opp; og sola og vinden kjem lettare til, slik at tørkinga kan skje fortare enn i såter. Hesjing er meir arbeidskrevande enn flathøy, og tørkinga tek lengre tid, men ein er mindre avhengig av gode tørkeforhold, ettersom høyet kan henge i fleire veker utan å råtne om ein har hesja rett.

Galleri