Hesteskoen (Bø i Telemark)

Hesteskoen i Breisås bustadområde i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Venåsvegen og deler seg i to greiner. Ei går til gangvegen mot Åsenjordet, den andre til Bjørkebakken. Han er om lag 470 meter lang.

Hesteskoen i Breisås sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter forma og blei namnsett i 1975. Busetnaden består av 22 einebustader.

På eigedomen nr. 9 ligg tunet til den tidlegare husmannsplassen Åsen, der nokon av dei gamle husa framleis står. Eigarene har sett opp nytt bustadhus på sida av desse. I 2020 gav kommunen løyve til å rive den gamle bevaringsverdige stugubygningen, og det blei sett opp eit nytt hus som har fått adressa Bjørkebakken 24.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.40335° N 9.07019° Ø