Hilmar Stigum
Hilmar Stigum (fødd 7. august 1897 i Meløy, død 12. september 1976 i Oslo) var etnolog og museumsmann. Foreldra var skreddar Bernt Alfred Stigum og Kristine Fredrikke Engebretsdatter. Han voks opp i Ogndal og vart i 1930 gift med lærar Olaug Welde (1897–1977) frå Otterøy.
Etter eksamen artium som privatist i 1921 studerte han historie ved universitetet i Oslo, og tok magistergraden i 1928 med historie hovudfag og kunsthistorie og arkeologi som støttefag.
Han vart tilsett som amanuensis ved Norsk Folkemuseum, vart etter kvart konservator og førstekonservator. I heile 46 år, til 1967, arbeidde han ved museet. Han var òg knytt til Norsk etnologisk gransking som leiar (frå 1946) og var dessutan i nokre år professor II i etnologi ved UiO.
Etter at Kristofer Visted var død (1949), fekk Stigum i oppdrag å gje ut ei ny og utvida utgåve av Vår gamle bondekultur (1923). Den nye utgåva låg føre i to bind i 1951–52.
Bibliografi (utval)
- Plogen. I: Bidrag til bondesamfunnets historie, bind 1. 1933.
- Fra sekstenhundre-årene til nyere tid. I: Det norske håndverks historie, bind 2. 1936.
- Gården. I: Norsk kulturhistorie, bind 1. 1938.
- I utmarken og på seteren. I: Norsk kulturhistorie, bind 2. 1939.
- Odelsbonde og leilending. I: Norsk kulturhistorie, bind 3. 1938.
- Bygningsskikken i Glåmdalen. I: Norske bygder, bind V: Glåmdal. 1942
- Husene og tunet. I: Norske bygder, bind VI: Numedal. 1953.
- Vår fedrearv. Bilder fra Norsk Folkemuseums samlinger. 1957.
Kjelder og litteratur
- Kjellberg, Reidar: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 15. 1966.
- Pedersen, Ragnar: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 8. 2004.
- Hilmar Stigum i Historisk befolkningsregister
|