Holsvik notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. des. 2009 kl. 23:33 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: '''Holsvik notlag''' var eit notlag eigd av Holsvik, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset) og begge bruk Løfoll då det vart avvikla på 1960-talet. Tidlegare hadde …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Holsvik notlag var eit notlag eigd av Holsvik, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset) og begge bruk Løfoll då det vart avvikla på 1960-talet.

Tidlegare hadde og Botnen vore med, for Lars Botnen skreiv under kontrakt med Martinus Holsvik på 1880-talet. Per Skinvik beheldt sin part i Lissjenota då Skinvika vart seld og han flytta til Sundalsfolla, derfor er Sundalsfolla nemd som partseigar i Lissjenota.

Kva tid dette notlaget vart starta og kva namn det hadde i byrjinga er det ingen som veit. Dei hadde hus til båt og bruk i Grasneset, tidlegare Grusneset, i lag med fleir andre notlag. Laget må ha hatt jamn drift rundt 1900. Martinus Holsvik seier i interjuv med Lars Holsvik at nøtene var i bruk mest dagleg sommarstid i hans oppvekst.

Båtar ein veit om:

(meir tekst kjem)

Naust og hengje

Lisjenotanaustet: Det fyrst kjende stod 90 grader på dagens plassering fram til storenotanaustet skulle byggjast. Då vart det snudd. Henrik Holsvik hadde oppgåva å setje nota når det var fisk på vika. Han sette det kravet at renna skulle vere så bratt at båten glei til sjøs av seg sjølv når ein løyste haldetauet. Då slapp ein å ha båten liggande ute med risiko for at fortøyinga skulle ryke og ausing når ein hadde det travelt med å kome utpå.

Storenotanaustet: (meir tekst kjem)

Notahengjet: (meir tekst kjem)

Barkekaret: (meir tekst kjem)

Framtrekk for ”Rolf”: (meir tekst kjem)

Nøter

(meir tekst kjem)

Notasett / notakast

Desse måtte alle som skulle setje landnot kunne, elles vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om dei forskjellige hengja var lette eller vanskelege å hanskast med.

  • Holsvika: Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor renna frå Storenotanaustet.
  • Utom Holmen: Rein botn frå Notahengjet nesten til Haggaren i Holsvikstranda.
  • Djuvikstranda: Frå Haggaren ei urd, så eit lite område med «kast», så ei urd att.
  • Djuvika: «Kast» innom «Laurits-naustet», så urd, så «kast» frå litt innom Djuvikelva nesten til Stigalidet. Så dårleg til utom Skinvikelva.
  • Follabugen: «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Men ein «hund» eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna sterk straum.
  • Granden/Grasneset/tidl. Grusneset: Er blaut sand å styre seg i ved fjøre sjø. Ved flod sjø blir det vanskeleg då ein får elvestraumen i nota. Er brådjupt og derfor vanskeleg å få nota i botn fort nok til å berge fisk.
  • Engjabugen: Rimeleg rein frå steinrøys til Engjatunet. Ein stor stein noko av land på indre del.
  • Flatefjøra: (meir tekst kjem)
  • Hamre: (meir tekst kjem)

Informantar:

  • Botn, Rolf f. 19__
  • Botn, Tryggve f. 19__
  • Holsvik, Hallgeir f. 19__
  • Holsvik, Lars f. 19__
  • Høydalsvik, Ragnar E f. 19__.
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 19__
  • Leite, Kjell f. 19__
  • Løfoll, Sigurd f. 19__
  • Sandnes, Rasmus f. 19__
  • Åslid, Einar f. 19__