Hotellvegen (Hjartdal)

Sideversjon per 9. sep. 2022 kl. 23:29 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hotellvegen i Tuddal i Hjartdal kommune går nordvestover frå Gaustavegen ved vatnet Nøtting til Tuddal Høyfjellshotell der han òg møter Zakkæusvegen. Han er om lag 1,1 kilometer lang.

Parti frå Hotellvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Vegen har namn etter Tuddal Høyfjellshotell og vart namnsett i 2011.

Tuddal Høgfjelds Sanatorium vart sett opp i 1895 for høgsterettsadvokat Emil Roll etter teikningar av arkitekt Hjalmar Welhaven. Det skulle ikkje vere eit sanatorium for dei sjuke, men eit for rekreasjon og kvile for finare folk frå Kristiania.

Etter fleire konkurser vart sanatoriet i 1910 gjort om til hotell, men det gjekk ikkje betre enn at det hamna på tvangsauksjon i 1935. Hotellet vart kjøpt av investorar frå Oslo, mellom anna Zakæus Gurholt og Magnhild Simonsen. Fru Simonsen dreiv staden fram til 1940, da Zakæus Gurholt kjøpte ut henne og dei andre aksjonærane. Gurholt og kona, Gudrun, flytte til Tuddal og dreiv hotellet på heilårsbasis i 31 år før dei gav seg. I dag drives hotellet av fjerde generasjon Gurholt.

Kilder


Koordinater: 59.78934° N 8.76037° Ø