Hotellvegen (Hjartdal)
Hotellvegen i Tuddal i Hjartdal kommune går nordvestover frå Gaustavegen ved vatnet Nøtting til Tuddal Høyfjellshotell der han òg møter Zakkæusvegen. Han er om lag 1,1 kilometer lang.
Vegen har namn etter Tuddal Høyfjellshotell og blei namnsett i 2011.
Tuddals Høifjeldssanatorium blei sett opp for høgsterettsadvokat Emil Oluf Roll (1864–1934) og kompanjong Peter Heiberg Lexov (1847–1924), sokneprest i Hjartdal. Det skulle ikkje vere eit sanatorium for dei sjuke, men eit for rekreasjon og kvile for finare folk frå Kristiania. Den fyrste hytta sto ferdig i 1893, og allereie i 1895 sette dei opp den store treetasjes hovudbygningen i dragestil etter teikningar av arkitekt Hjalmar Welhaven.
Etter fleire konkursar blei sanatoriet i 1910 gjort om til hotell, men det gjekk ikkje betre enn at det hamna på tvangsauksjon i 1935. Investorar frå Oslo kjøpte hotellet, mellom anna Zakæus Gurholt og Magnhild Simonsen, og det blei danna eit aksjeselskap. Fru Simonsen dreiv staden fram til 1940, da Zakæus Gurholt kjøpte ut henne og dei andre aksjonærane. Gurholt og kona, Gudrun, flytte til Tuddal og dreiv hotellet på heilårsbasis i 31 år før dei gav seg. I dag (2022) er det fjerde generasjon Gurholt som driv hotellet.
Sjå også
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
- Telemarkshistorier: Tuddal Høyfjellshotel – tradisjon i 127 år
- Nes, Trygve: Hjartdal i bilder. Skien 1992