Hugo Frederik Hjorthøy: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
(10 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Hugo Frederik Hjorthøy]]''' (fødd 1741 i Klepp, død 1812) var prest og topografisk forfattar. | {{thumb|Prost Hiortøy ved Sødorp kapell.jpg|Utanfor Sødorp kapell på Vinstra er det reist eit minnesmerke over Hjorthøy.|Jan-Tore Egge}} | ||
'''[[Hugo Frederik Hjorthøy]]''' (fødd 1741 i [[Klepp]], død 1812 i [[Sund kommune|Sund]]) var prest og topografisk forfattar. Faren døydde før Hugo Frederik var fødd, så han kom til å vekse opp hos slektningar i [[Fana]]. | |||
Han var sokneprest i [[Fron]] frå 1774, året etter prost i Gudbrandsdalen. Før han kom til Fron, hadde han vore prest i Flesberg og Skien. I 1770 var han viseprost på ei dansk-norsk flåteavdeling på tokt til Algerie. Han skreiv dagbok og skildra der dei dårlege tilhøva på skipa. Dagboka vart trykt i det danske tidskriftet Museum i 1893. | |||
Hjorthøy er særleg kjend for ''Physisk og ekonomisk beskrivelse over Gudbrandsdalens provstie'' (to band, 1785–86). Bøkene er komne i nye opplag og utgåver (1907, 1956 og 1990) og er rekna for å vera av dei beste topografiske verka frå 1700-talet. Han skipa det fyrste kornmagasinet i Gudbrandsdalen, i Fron, og dreiv med nydyrking. Han fekk bygt eit stort steinfjøs på prestegardssetra, eitt av dei tidlege steinfjøsa i Gudbrandsdalen. | |||
I 1783 vart han prest i Bergen, i 1791 i Sund. Båe stader sat han i tronge kår og var plaga av sløvheit. Jamvel i Sund der han ikkje lenger kunne gjera presteteneste, dreiv han med uttapping og dyrking av myr. | |||
== Kjelder og litteratur == | |||
* Engen, Arnfinn: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind 4. Oslo 2001. | |||
* {{hbr1-1|pf01058381000003|Hugo Frederik Hjorthøy}}. | |||
{{DEFAULTSORT:Hjorthøy, Hugo Frederik}} | {{DEFAULTSORT:Hjorthøy, Hugo Frederik}} | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1741]] | [[Kategori:Fødsler i 1741]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1812]] | [[Kategori:Dødsfall i 1812]] | ||
[[Kategori:Klepp kommune]] | |||
[[Kategori:Sør-Fron kommune]] | |||
[[Kategori:Øygarden kommune]] | |||
[[Kategori:Sund (tidligere kommune)]] | |||
[[Kategori:Topografer]] | [[Kategori:Topografer]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 8. jan. 2020 kl. 12:39
Hugo Frederik Hjorthøy (fødd 1741 i Klepp, død 1812 i Sund) var prest og topografisk forfattar. Faren døydde før Hugo Frederik var fødd, så han kom til å vekse opp hos slektningar i Fana.
Han var sokneprest i Fron frå 1774, året etter prost i Gudbrandsdalen. Før han kom til Fron, hadde han vore prest i Flesberg og Skien. I 1770 var han viseprost på ei dansk-norsk flåteavdeling på tokt til Algerie. Han skreiv dagbok og skildra der dei dårlege tilhøva på skipa. Dagboka vart trykt i det danske tidskriftet Museum i 1893.
Hjorthøy er særleg kjend for Physisk og ekonomisk beskrivelse over Gudbrandsdalens provstie (to band, 1785–86). Bøkene er komne i nye opplag og utgåver (1907, 1956 og 1990) og er rekna for å vera av dei beste topografiske verka frå 1700-talet. Han skipa det fyrste kornmagasinet i Gudbrandsdalen, i Fron, og dreiv med nydyrking. Han fekk bygt eit stort steinfjøs på prestegardssetra, eitt av dei tidlege steinfjøsa i Gudbrandsdalen.
I 1783 vart han prest i Bergen, i 1791 i Sund. Båe stader sat han i tronge kår og var plaga av sløvheit. Jamvel i Sund der han ikkje lenger kunne gjera presteteneste, dreiv han med uttapping og dyrking av myr.
Kjelder og litteratur
- Engen, Arnfinn: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind 4. Oslo 2001.
- Hugo Frederik Hjorthøy i Historisk befolkningsregister.