Husbond: Forskjell mellom sideversjoner

1 041 byte lagt til ,  14. feb. 2017
Mellomlagring
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 13: Linje 13:


== Avvikling av husbondsveldet ==
== Avvikling av husbondsveldet ==
Husbondane var i praksis dei som utøvde den til kvar tid gjeldande folkelege representasjons- og medstyringsretten i det offentlege liv. Det galdt i den gammalnorske og mellomalderske tingskipnaden, på bygdeting, i lagrette, skjønnsnemnder o.a. i tidleg moderne tid, og det galdt i det påbegynte demokratiet etter 1814 fram til stemmerettsutvidingane for alvor tok til mot slutten av 1800-talet.  
Husbondane var i praksis dei som utøvde den til kvar tid gjeldande folkelege representasjons- og medstyringsretten i det offentlege liv. Det galdt i den gammalnorske og mellomalderske tingskipnaden, på bygdeting, i lagrette, skjønnsnemnder o.a. i tidleg moderne tid, og det galdt i det påbegynte demokratiet etter 1814 fram til stemmerettsutvidingane for alvor tok til mot slutten av 1800-talet. Grunnlova av 1814 gav stemmerett til alle gardbrukarar, men ikkje til tenestefolk, husmenn eller andre som var i brød hjå ein husbond (eller annan type arbeidsgjevar). Den offentlege husbondsmakta vart monaleg styrka med innføringa av det kommunale sjølvstyret frå 1827, da gardbrukarane (dei som hadde stemmerett) fekk sterkt utvida styringsinnverknad i lokalsamfunnet. Dette husbondsveldet vart gradvis avvikla frå 1880-åra av, med to milepælar i innføring av allmenn stemmerett for menn i 1898 og også for kvinner i 1913.
 
Husbondsveldet i tydinga ektemanns styringsrett over kone og born vart også gradvis avvikla til dømes med innføring av lik arverett, kvinna sin rett til å rå for eiga formue, like rattar for mor og far i høve til felles born osv.
 
I tydinga arbeidsgjevar vart husbondsmakta over tenestefolk og husmenn også svekka og avvikla i og med arbeidarlovgjeving og utvegar til fagorganisering. Eit punktum kan seiast å ha vorte sett med jordlova 1928 som gav husmenn rett til å kjøpe bruket sitt fritt.
 


== Referansar ==
== Referansar ==


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer