Husbond: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Frimandslund, Rigmor: Artikkel om Norge under oppslag «Husbonde» i ''Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder'', bd. VII, Oslo 1962.
*Fritzner, Johan: ''Ordbog over Det gamle norske Sprog'', Oslo 1954 (1883-1896), oppslag på husbondí og relaterte omgrep.
*''Norsk riksmålsordbok''.
*''Ordbog over det danske sprog'', København 1926/1966.
*''Salmonsens konversationsleksikon'', oppslag «Husbond», København 1921.

Sideversjonen fra 14. feb. 2017 kl. 15:41

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Husbond eller husbonde (fleirtal husbondar eller husbønder. av gammalnorsk húsbóndi) er ei (historisk) nemning for ein (manns)person som er overhovud for eit hushald, og som såvoren tillagd nærare bestemte rettar, plikter og ansvar overfor kone og born, tenestefolk og evt. andre som har vore definert innanfor hushaldet. Kva som formelt og uformelt har vore rekna inn under husbondens makt og mynde, har variert historisk og sosialt. I eldre tid var det til dels lovregulert og elles bestemt av sedvane og formulert for eksempel i religiøs litteratur. Eit innverknadsrikt døme på det siste er hustavla som er med i ein del utgåver av Luthers katekisme.

Familiefar, hushaldsoverhovud, herskap

Tilnærma synonymt med husbond er husfar (pater familias). Det bibelske patriark («styrande far») kan med god rett omsetjast med husbond. Husbond var også ei vanleg nemning for ektemann. Det var også i det gamle samfunn vanleg brukt om den som har folk i sitt brød (trælar, tenarar, sveinar og lærlingar ...).

Under meir eller mindre føydale samfunnsformer kan husbond jamførast med andre språks seigneur, lord, patron, Gutherr osv, der (adelege) godseigarar har rekna leiglendingsbønder, husmenn og andre av godsets tilhøyrande folk inn under sitt utvida hushald og herrevelde. Det fremste historiske uttrykket for slik bruk i norsk samanheng er at det norske riksrådet i 1388 valde dronning Margrete til rikets «mektige frue og rette husbond». Den danske føydalavgifta husbondshold, i mindre utstrekning også brukt i Noreg, var eit merke på at jorddrottens mynde over bønder og husmenn hadde karakter av å vere eit husbondsforhold.

Gammalnorsk lovgjeving

Tidleg nytid

I Norske lov (1687) blir «hosbond» nytta i to tydingar: 1) ektemann og 2) ein som har tenestefolk. Juridiske og økonomiske forhold både mellom husbond og hustru og mellom husbond og tenar er nokså detaljert regulert. Etter kvart som husmannsvesenet utviklar seg på 1700- og 1800-talet, blir ei av dei vanlegaste tydingane av husbond ein gardbrukar som har husmenn. Bakgrunnen for at ordet vart nytta slik, var at husmennene kunne reknast som bondens tenestefolk. Husbond-tenar-forholdet mellom høvesvis utleigar og leietakar av ein husmannsplass vart meir uttala di meir avtalene omfatta arbeidsplikt, særleg den arbeidsplikta som eventuelt var pålagd utover betaling for husleiga («arbeid på tilsigelse»).

Avvikling av husbondsveldet

Husbondane var i praksis dei som utøvde den til kvar tid gjeldande folkelege representasjons- og medstyringsretten i det offentlege liv. Det galdt i den gammalnorske og mellomalderske tingskipnaden, på bygdeting, i lagrette, skjønnsnemnder o.a. i tidleg moderne tid, og det galdt i det påbegynte demokratiet etter 1814 fram til stemmerettsutvidingane for alvor tok til mot slutten av 1800-talet. Grunnlova av 1814 gav stemmerett til alle gardbrukarar, men ikkje til tenestefolk, husmenn eller andre som var i brød hjå ein husbond (eller annan type arbeidsgjevar). Den offentlege husbondsmakta vart monaleg styrka med innføringa av det kommunale sjølvstyret frå 1827, da gardbrukarane (dei som hadde stemmerett) fekk sterkt utvida styringsinnverknad i lokalsamfunnet. Dette husbondsveldet vart gradvis avvikla frå 1880-åra av, med to milepælar i innføring av allmenn stemmerett for menn i 1898 og også for kvinner i 1913.

Husbondsveldet i tydinga ektemanns styringsrett over kone og born vart også gradvis avvikla til dømes med innføring av lik arverett, kvinna sin rett til å rå for eiga formue, like rattar for mor og far i høve til felles born osv.

I tydinga arbeidsgjevar vart husbondsmakta over tenestefolk og husmenn også svekka og avvikla i og med arbeidarlovgjeving og utvegar til fagorganisering. Ei styrt avvikling av husmannsordninga med lovgjeving og oppretting av stønadsordningar ved kjøp av småbruk osv. fann stad frå ca 1915 fram til jordlova 1928, ei utvikling som gav husmenn gode utvegar til å få oppheva arbeidsplikt for husbonden og eventuelt å få frikjøpt plassen til sjølvstendig småbruk.

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Frimandslund, Rigmor: Artikkel om Norge under oppslag «Husbonde» i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. VII, Oslo 1962.
  • Fritzner, Johan: Ordbog over Det gamle norske Sprog, Oslo 1954 (1883-1896), oppslag på husbondí og relaterte omgrep.
  • Norsk riksmålsordbok.
  • Ordbog over det danske sprog, København 1926/1966.
  • Salmonsens konversationsleksikon, oppslag «Husbond», København 1921.