Husbond: Forskjell mellom sideversjoner

1 122 byte lagt til ,  15. feb. 2017
Mellomlagring
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
'''[[Husbond]]''' eller husbonde (fleirtal husbondar eller husbønder. av gammalnorsk húsbóndi) er ei (historisk) nemning for ein (manns)person som er overhovud for eit hushald, og som såvoren tillagd nærare bestemte rettar, plikter og ansvar overfor kone og born, tenestefolk og evt. andre som har vore definert innanfor hushaldet. Kva som formelt og uformelt har vore rekna inn under husbondens makt og mynde, har variert historisk og sosialt. I eldre tid var det til dels lovregulert og elles bestemt av sedvane og formulert for eksempel i religiøs litteratur. Eit innverknadsrikt døme på det siste er [[Leksikon:Hustavlen|hustavla]] som er med i ein del utgåver av Luthers katekisme.
'''[[Husbond]]''' eller husbonde (fleirtal husbondar eller husbønder. av gammalnorsk húsbóndi) er ei (historisk) nemning for ein (manns)person som er overhovud for eit hushald, og som såvoren tillagd nærare bestemte rettar, plikter og ansvar overfor kone og born, tenestefolk og evt. andre som har vore definert innanfor hushaldet. Kvinneleg mostykke til husbond har vore matmor og i gammalnorsk tid/mellomalder husfrue (húsfrú, húsfrøy), enda om det kvinnelege hushaldsoverhovudet vel ikkje har vore tillagd same makt, rett og ansvar som husbonden. Kva som formelt og uformelt har vore rekna inn under husbondens makt og mynde, har variert historisk og sosialt. I eldre tid var det til dels lovregulert og elles bestemt av sedvane og formulert for eksempel i religiøs litteratur. Eit innverknadsrikt døme på det siste er [[Leksikon:Hustavlen|hustavla]] som er med i ein del utgåver av Luthers katekisme.


== Familiefar, hushaldsoverhovud, herskap ==
== Familiefar, hushaldsoverhovud, herskap ==
Tilnærma synonymt med husbond er husfar (''pater familias''). Det bibelske ''patriark'' («styrande far») kan med god rett omsetjast med husbond. Husbond var også ei vanleg nemning for ektemann. Det var også i det gamle samfunn vanleg brukt om den som har folk i sitt brød (trælar, tenarar, sveinar og lærlingar ...).  
Tilnærma synonymt med husbond er husfar (''pater familias''), herre i huset. Det bibelske ''patriark'' («styrande far») kan med god rett omsetjast med husbond. Husbond var også ei vanleg nemning for ektemann. Det var også i det gamle samfunn vanleg brukt om den som har folk i sitt brød (trælar, tenarar, sveinar og lærlingar ...).  


Under meir eller mindre føydale samfunnsformer kan husbond jamførast med andre språks ''seigneur'', ''lord'', ''patron'', ''Gutherr'' osv, der (adelege) godseigarar  har rekna leiglendingsbønder, husmenn og andre av godsets tilhøyrande folk inn under sitt utvida hushald og herrevelde.  Det fremste historiske uttrykket for slik bruk i norsk samanheng er at det norske [[riksrådet]] i 1388 valde dronning [[Margrete]] til rikets «mektige frue og rette husbond». Den danske føydalavgifta [[husbondshold]], i mindre utstrekning også brukt i Noreg, var eit merke på at jorddrottens mynde over bønder og husmenn hadde karakter av å vere eit husbondsforhold.
Under meir eller mindre føydale samfunnsformer kan husbond jamførast med andre språks ''seigneur'', ''lord'', ''patron'', ''Gutherr'' osv, der (adelege) godseigarar  har rekna leiglendingsbønder, husmenn og andre av godsets tilhøyrande folk inn under sitt utvida hushald og herrevelde.  Det fremste historiske uttrykket for slik bruk i norsk samanheng er at det norske [[riksrådet]] i 1388 valde dronning [[Margrete]] til rikets «mektige frue og rette husbond». Den danske føydalavgifta [[husbondshold]], i mindre utstrekning også brukt i Noreg, var eit merke på at jorddrottens mynde over bønder og husmenn hadde karakter av å vere eit husbondsforhold.


== Gammalnorsk lovgjeving ==
== Gammalnorsk lovgjeving ==
Landskapslovene (for [[Gulatingslova|Gulatinget]], [[Frostatingslova|Frostatinget]] og [[Borgartingslova|Borgartinget]]) innheld etter måten detaljerte reglar for husbondsmyndet kva gjeld for eksempel formuesforhold, giftenål og hustukt. Dei vidaste rettane har husbonden over det ufrie husfolket, trælane, som husbonden kunne leige bort til andre, selje, straffe på kroppen og endatil drepe ustraffa. Borna sine kunne husfaren refse så strengt han ville, men ikkje påføre dei dødelege skader. Han kunne pantsetje sine born for gjeld opp til tre mark for eit barn, som tilsvara vanleg kjøpesum for ein træl. Husbonden hadde også rett til å utøve hustukt over kona, men han hadde ikkje lov til å slå henne, iallfall ikkje på offentleg stad. Om han slo henne tre gonger i offentlege forsamlingar, kunne kona forlate mannen og ta særeiget sitt med seg ut av ekteskapet.


== Tidleg nytid ==
== Tidleg nytid ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer