Husbond

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. feb. 2017 kl. 09:34 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Husbonde''' (gammalnorsk húsbóndi, fleirtal husbondar eller husbønder) er ein (manns)person som er overhovud for sitt hushald, og som såvoren tillagd nærare...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Husbonde (gammalnorsk húsbóndi, fleirtal husbondar eller husbønder) er ein (manns)person som er overhovud for sitt hushald, og som såvoren tillagd nærare bestemte rettar, plikter og ansvar overfor kone og born, tenestefolk og evt. andre som har vore definert innanfor hushaldet. Kva som formelt og uformelt har vore rekna inn under husbondens makt og mynde, har variert historisk og sosialt. I eldre tid var det lovregulert og elles bestemt av sedvane og formulert for eksempel i religiøs litteratur. Eit innverkandsrikt døme på det siste er hustavla som er med i ein del utgåver av Luthers katekisme.

Tilnærma synonymt med husbond er husfar (pater familias) og husherre. Husbond har også vore brukt som nemning for ektemann. Det bibelske patriark kan med god rett omsetjast med husbond.

Under meir eller mindre føydale samfunnsformer kan husbond jamførast med andre språks seigneur, lord, patron, Gutherr osv, der (adelege) godseigarar har rekna leiglendingsbønder, husmenn og andre av godsets tilhøyrande folk inn under sitt utvida hushald og herrevelde. Det fremste historiske uttrykket for slik bruk i norsk samanheng er at det norske riksrådet i 1388 valde dronning Margrete til rikets «mektige frue og rette husbond». Den danske føydalavgifta husbondshold, i mindre utstrekning også innført i Noreg, var eit merke på at jorddrottens mynde over bønder og husmenn hadde karakter av å vere eit husbondsforhold.

Gammalnorsk lovgjeving

Tidleg nytid

Avvikling av husbondsveldet