Hylestad stavkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Hylestad stavkirke portal Oldsaksamlingen C 4321.JPG|Hylestadportalen på Historisk museum i Oslo.|Chris Nyborg (2013)}} {{thumb|Hylestad stavkirke portal Sigurd dreper Regin Old...)
 
m ({{nn}})
Linje 15: Linje 15:
[[kategori:Stavkirker]]
[[kategori:Stavkirker]]
[[Kategori:Valle kommune]]
[[Kategori:Valle kommune]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 28. jan. 2016 kl. 12:04

Hylestadportalen på Historisk museum i Oslo.
Foto: Chris Nyborg (2013)
Detalj frå portalen; Sigurd Fåvnesbane drep smeden Regin.
Foto: Chris Nyborg (2013)

Hylestad stavkyrkje sto på Bjørgum i Hylestad sokn i Valle kommune. Stavkyrkja vart reven i 1664, då ei ny kyrkje vart reist på same staden. Berre to portalar vart tatt vare på, og vi veit ikkje noko anna om kyrkja. Portalen står i dag på Historisk museum i Oslo, og ein kopi er sett opp i våpenhuset i dagens Hylestad kyrkjeTveit.

Motivet på Hylestadportal I, den mest kjende av dei to portalane, er soga om Sigurd Fåvnesbane. Dette er ei soge som går attende til heidensk tid, men som også passa inn i kristen samanhang i mellomalderen. Sigurd var ein riddar som ifølgje Volsungesoga drap draken Fåvne og smeden Regin, som representerer vonde makter. Tverrliggjaren på portalen er tapt. På vangane er det fem scenar frå soga: Regin smir eit sverd til Sigurd; Sigurd drep Fåvne; Sigurd steiker hjartet til Fåvne; Sigurd drep Regin og Sigurds svoger Gunnar Gjukesson ligg bakbunde blant ormar.

Portal II har rankedekorasjon med dyrehoder av ein type som var vanleg i stavkyrkjer. Berre portal I er utstilt på museet. Dette var truleg vestportalen, det vil seie hovuddøra inn i kyrkja.

Kjelder