Hylestad stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hylestad stavkyrkje
Hylestad stavkirke portal Oldsaksamlingen C 4321.JPG
Hylestadportalen på Historisk museum i Oslo.
Foto: Chris Nyborg (2013).
Stad: Nordihus Bjørgum, Hylestad
Kyrkjesamfunn: til 1537: Den katolske kirke
etter 1537: Den norske kyrkja
Teknikk: stavbygg
Materiale: tre
Portal: to på Historisk museum i Oslo,
kopi av portal I i våpenhuset til Hylestad kyrkje
Anna informasjon: reven i 1664

Hylestad stavkyrkje sto på Nordihus Bjørgum i Hylestad sokn i Setesdal. Ho vart reist i tidleg mellomalder, og nær staden der ho stod finst det framleis tre gravhaugar i utkanten av dåtidas kyrkjegard.

Prestegjeldet er nemnd i Magnus Lagabøtes landslov frå 1270, då var namnet Sætre. Kyrkja – «Ecclesia de Hulesta» – nemnes fyrste gongen i ei registrering frå 5. august 1327. Då vitja ein utsending frå paven Stavanger bispedømme for å samle inn tienda. Kyrkja åtte jord i Berg, Hylje, Straume, Helle og Brokke, det stadfestas i eit brev frå 1592. Ein del av henne vart gjeve for at leigeinntekta skulle nyttast til å sette opp to kapell, noko som truleg aldri vart gjort.

Om stavkyrkja var for lita eller forfallet hadde sett inn då ho vart reven i 1664 er ukjend, men ei ny kyrkje vart reist på same staden. Dei einaste delane me er sikre på kjem frå den gamle kyrkja er to portalar, båe kom til Universitetet si Oldsakssamling i 1860-70-åra. Portal I er utstild på Historisk museum i Oslo, og ein kopi er sett opp i våpenhuset i Hylestad kyrkje som i 1838 vart reist på Rysstad, på vestsida av Otra.

Vart kyrkja flutt hit?

Det er ingen grunn til å tru at kyrkja skal vere flutt hit til Bjørgum, men i boka som vart utgjeven til Hylestad kyrkje sitt 150-års jubileum vert det nemnd at tradisjonen seier at det skal ha stende ei kyrkje i Tveitbakkskrone under Stigsfjødd. Staden heiter framleis Prestehytta, men verkelege spor er ikkje funne. Det er mogleg at ein steinkross kan ha vore reist her på katolsk vis, så som krossane som fins ved vegane i katolske land. Det er ein teori som Peter Blom var samd i. Han skal ha høyrt at Prestehytta var ein offerstad i heidensk tid, gravrøysene der vitnar om det, og krossen eller krusifikset vart sett opp då Kvite-Krist kom. Knut Jonson Heddi hadde ein noko annan vri på historia, han kunne fortelje at kyrkja opphaveleg stod ved Prestehytta, men vart flytt til Nomelandsækra. Etter at svillstokkane vart sette opp, heiv tussane dei på Otra ei nott. Etter gamal tru skulle då kyrkja byggjast der stokkane rak i land, og det var på Kyrkjeodden ved Nordihus Bjørgum.

Prestegard og prest?

Om det har vore eigen prest på Hylestad er usikkert. I eit brev frå 1348 vert Sira Olav i Valle nemnd, men prestar frå Hylestad er ikkje omtala i kjelder frå denne tida. Føre svartedauden er det mogleg at hylstringane kan ha vore så rike at dei kunne hatt ein eigen prest og prestegard.

Ei tid etter svartedauden krav Nils Pedersen, prest i Valle, landskyld av bøndene, og i 1615 vart det synfaring på Bjørgum. Ein tuft kalla «Vågestoga» låg nær kyrkjegarden og presten spurde om ikkje dette hadde vore prestens gard, der han hadde hatt buskap, åker og eng. Der og då ville ikkje vitna seie mykje om det, men seinare kom det fram at folk trudde det var rett. På staden sør og aust for kyrkja låg fire tufter og spor etter gamle åkrar. Der vart rundt 1870 den noverande garden sett opp.

Hylestadportalane

Detalj frå portal I; Sigurd Fåvnesbane drep smeden Regin.
Foto: Chris Nyborg (2013)

Dei to bevara portalane er det einaste som ein kan være sikker på at stammar frå kyrkja, og dei er av ein så høg kvalitet at dei innan mellomalderkunsten har gjeve namn åt ein eigen retning, Hylestad-gruppa. Det som er teke vare på er sideplankane, ikkje sjølve toppen som forbind dei. Dei er skorne i furu, og på sida inn mot døra er dei avslutta med ei halvsøyle med søylehovud og basis. Dekorasjonen på søylene er ikkje knytt til motiva på vangane. Berre portal I er utstilt på Historisk museum. Dette var truleg vestportalen, det vil seie hovuddøra inn i kyrkja.

Som for plasseringa av kyrkja hev og portalane si eiga soge. Dei kom vestanfrå, frå Sirdal der stavangerbispen hadde vigsla ein heller øvst i dalen til kyrkje for dei fattige bøndene. Det kosta dei tolv kyr, og helleren fekk namnet Tolvkyrshelleren. Til denne kyrkja skulle to jenter skjere portalar, men dei vart ikkje ferdige før sirdølane hadde fått betre råd og reist kapell på Lunde. Då tok jentene portalane med seg over heia til Hylestad, og der blei dei ståande.

Portal I med soga om Sigurd Fåvnesbane selde Dreng Olsson Rike til Universitetets Oldsakssamling i 1867. Portal II med plante- og dyreornamentikken vart seld til Straume etter at kyrkja vart riven, og i 1876 kom den og til Oldsakssamlinga.

Motiva

Motivet på Hylestadportal I, den mest kjende av dei to portalane, er soga om Sigurd Fåvnesbane. Dette er ei soge som går attende til heidensk tid, men som også passa inn i kristen samanhang i mellomalderen. Sigurd var ein riddar som ifølgje Volsungesoga drap draken Fåvne og smeden Regin, som representerer vonde makter. På vangane er det fem scenar frå soga: Regin smir eit sverd til Sigurd; Sigurd drep Fåvne; Sigurd steiker hjartet til Fåvne; Sigurd drep Regin og Sigurds svoger Gunnar Gjukesson ligg bakbunde blant ormar.

Portal II har rankedekorasjon med dyrehovud av ein type som var vanleg i stavkyrkjer.

Kom fakse Brokke frå denne kyrkja?

Det er fleire teoriar om kor faksane kjem frå. Jørgen Løvland nemnde at det kunne ha vore høgsætestolpar,[1] Tore Harstad frå Valle fortalde målaren Schneider om Fakse Rygnestad at han «var laget plent som mange af de gamle «Kvilestopann» [sengestolpane] med et rundt Hoved og derover et «Speir» [pannelugg som mennene brukte] ...».[2] Det kan og vere at at faksane var søylehovud frå dei sentrale stavane i stavkyrkjene, noko likskapen mellom dei eksisterande hovuda (til dømes i Hegge stavkyrkje) og den faksen som målaren Olav Isaachsen fortalde om kan tyda på. Han fortalde om hovudet til faksen at det hadde «langt krøllet haar og skjæg, bar en krone eller ring omkring det øverste parti, kjæften var forferdelig opspilet, øinene dannedes af store messingbukler ...»,[3] men heller ikkje dette er sikkert. Målaren August Schneider kjende Isaachsen og var noko usikker på kor sikker ei kjelde Isaachsen var. Schneider tenkte han kunne ha ein litt for «livlig Aand».

Noko anna som talar for at faksen kan ha kome frå stavkyrkja er at det var naturleg for folk med røter i katolisismen å ta vare på og visa respekt og vyrdnad for utskore bilete frå ei kyrkje. Etter kvart vart denne sida gløymd, katolisismen og vyrdnaden for bileta vart stempla som avguderi, men dyrkinga av det kan ha fortsett i det stille.

Referansar

  1. Bø 1959 : 15.
  2. Bø 1959 : 14.
  3. Bø 1959 : 12.

Kjelder

  • Bø, Olav 1959: Faksar og kyrkjerestar : serleg på Rygnestad, Norsk folkemuseum. Publisert: Oslo : Museet.
  • Hylestad sokneråd 1989: Hylestad kyrkje 150 år : 1839-1989, [Rysstad] : Hylestad sokneråd. ISBN 8299185505.
  • Hylestad stavkyrkjeWikipedia på nynorsk
  • Horgen, Randi (red.): Middelaldersalen i Historisk Museum i Oslo. Utg. Oldsaksamlingen. Oslo. 2000