Hylje (Hylestad)
Hylje var ein gard i Setesdal. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen Hylestad, men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom et fram at gardane Hovet og Bjørgum hadde delt garden mellom seg ein gong etter svartedauen, truleg på 1600-talet.[1]
I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i landskyld av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum.
Namnet
Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske hylr som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.[1] I Setesdal finst fleire namn med Hylje som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i Bykle.
Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 Hovet, sidan garden er nemnd i slik samanhang i stev og andre gamle vers. Områder på Hovet skal og til vanleg kallas Kyrkjebygdí eller i By´gdinn. Som andre argument nemner Rygh at namna Hylisdalen og Hyliskjelle (-kjelda) finst på Hovet sitt område.
Kjelder og referansar
- Jansen, Leonhard B. og Alfred Ryningen: «Hylestad - aust» i Valle kommune VII Kultursoge s. 29, 1994, ISBN 8299133467
- Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
- Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i Norske Gaardnavne, bind 8, side 224
- Ryningen, Alfred: «Hylje» i Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad s. 7-12, 1994, ISBN 8299133416