Idre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Idre er trulig opprinnelig eit innsjønamn og ein trur at det var det gamle namnet på Idresjön.
Foto: Olve Utne (2014).

Idre (Mal:No./Mal:Sv.) eller Eajra (Mal:Sørsam.) er eit skogs- og fjellområde og bygdelag som saman med Serna ligg i grenseområdet mellom Østerdalen, Herjedalen og Dalarna. Fram til 1645 låg Idre til Østerdalen, men sidan den tid har både Idre og Serna lege under Dalarnas län i Sverige. Idre og Serna ligg i dag under Älvdalens kommun. Språklig sett ligg den tradisjonelle skandinaviske dialekten i Idre nærmast midtøsterdøl, og den tradisjonelle sørsamiske dialekten der er av rørossamisk type.

Administrasjonshistorie

Språk

Idremålet har mykje palatalisering i hovudstavinga, inkludert av ll, nn, dd og tt. Gammal hv blir oftast uttala kv, som for eksempel i idremål kvit. Endings-r held seg både i ubestemt fleirtal av substantiv og i presens av svake verb. Det er tydelig preaspirering av pp, tt og kk. Vokalismen er prega av mykje utjamning i jamvektsord; av monoftongering av gamle diftongar; og av ein tendens til svekking av endingsvokalar i jamvektsformer. Elles er å merke pronomenformer som jä(g), vi og di. Av andre ord kan nemnast kväx (trøndermål kvæks eller kvaks, nynorsk kvefs, svensk geting), môr (maur, svensk myra), stuhtt (stutt, kort, svensk kort), dörståkk (dørstokk, svensk tröskel), frôsk (frosk, svensk groda).

Busetting

Idre

Idre kyrka.
Foto: Olve Utne (2014).


Storsätern og Grövelsjön

Storsäterns fjällkapell.
Foto: Olve Utne (2014).


Lenkjer

Språk