Imsland kommune

Sideversjon per 24. jun. 2019 kl. 10:27 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Imsland kommune i Rogaland vart oppretta i 1923, då Vikedal kommune vart delt i tre etter soknegrensene, i Vikedal, Imsland og Sandeid. Imsland låg på båe sider av den indre, austgåande armen til Vindafjorden. I 1965 gjekk området nord for fjorden inn i den nye storkommunen Vindafjord, medan området sør for fjorden vart samanslege med fire andre kommunar til nye Suldal kommune.

Kart over Imsland kommune. Frå Norske næringsliv, utg. 1950.

Imsland kommune hadde eit areal på 90 km². I 1946 var folketalet 660, medan hadde det gått ned til 433 då kommunen opphøyrde (1965).

Den kommunale verksemda

På 1950-talet hadde Imsland fire folkeskular. Ettersom nynorsk var offentleg tenestemål i kommunen, var denne målforma òg hovudmål i alle skulekrinsane.

Kjelder og litteratur