Vikedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikedal kommune i Rogaland vart oppretta i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. I 1923 vart sokna Imsland og Sandeid skilt ut som eigne kommunar. I Store Norske Leksikon heiter det at «Vikedal kommune var i perioden 1923-1964 identisk med Vikedal sokn, og bestod av geografisk atskilte områder på alle de fire nesene rundt den korsformede Vindafjorden».

Området på Nedstrandshalvøya vart ved den store kommunesamanslåinga i 1965 overført til Tysvær, medan resten av Vikedal vart ein del av storkommunen Vindafjord. Også delar av Imsland, Vats og Skjold i tillegg til heile Sandeid vart innlemma i Vindafjord.

Kjelder