Ingebrigt Bøe

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 18. mai 2018 kl. 19:12 av Knut Rage (Samtale | bidrag) (Ny side: '''Ingebrigt Bøe''' (1850-1944) var treskjærer, snekker og byggmeister i Bergen, og blir i dag særleg hugsa for det omfattande utskjæringsarbeidet i Ole Bull sin praktvilla p...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingebrigt Bøe (1850-1944) var treskjærer, snekker og byggmeister i Bergen, og blir i dag særleg hugsa for det omfattande utskjæringsarbeidet i Ole Bull sin praktvilla på Lysøen, og for preikestolen i Årstad kirke.

Ført inn som "uekte"

Anna og Ingebrigt Bøe fotografert omkring 1900, sammen med sine born. Frå v. Olav Martin (1873-1935), Anna Josefine f. Ødegaard (1876-1939, gift med Olav Martin), Ingolf (1881-1957), Sigurd Olav (1874-1954), Anna Berentine (1877-1954). Framme Magnus (1884-1961), Ingebrigt med hustru Anna f. Olsdatter Hole, og Gunnar (f. 1888). Privat eige.

Ingebrigt Bøe vart ført inn som "uægte" i kyrkjeboka for Manger, der han vart fødd. Til grunn for notatet låg ein familietragedie. Faren hans, Sjur Bø, var sjølveigande gardbrukar og satt etter måten godt i det. I 1849 vart han enkjemann for andre gong og åleine med si 24 år gamle stedotter, Christi Olsdatter (1826-1917). Ho vart gravid og fødde Ingebrigt.

Saka fekk eit alvorleg etterspel. Sjur kom for retten og vart dømd til ni månadars straff på Slaveriet i Bergen (i det såkalla Manufacturhuset). Av tukthusprotokollen les me at Sjur vart sett inn 4. februar 1851 og løslaten 4. november same året, kl. halv fire om ettermiddagen. I merknadene til protokollen heiter det: "32 Aar gammel, efter Norhordlehns Sorenskriverisdom af 12te September 1850, for begaaet Blodskam med sin Steddatter." Samanlikna med "ordentleg" blodskam fekk Sjur ein etter måten mild dom, kanskje var det også andre omstende som medverka til det. Christi flytta til Bergen straks etter fødselen og ser ikkje ut til å greidd seg særleg bra. I folketellinga for 1900 er ho oppført som offentleg understøtta enkje. Kva forhold Ingebrigt hadde til mora er ikkje kjend.

Arbeid på Lysøen

Fiolinisten og komponisten Ole Bull bygde villaen på Lysøen i 1872-1873. Hausten 1872 var ikkje mindre enn tretti mann i arbeid med bygginga, og arkitekten var Conrad Fredrik von der Lippe. Sommaren 1873 kunne Ole Bull ta eigedomen i bruk. Første byggetrinn var då gjennomført, men alt i 1875 vart huset bygd på.

I ein artikkel i Bergens Tidende [1] vert det opplyst at "som byggmester hadde man Nævdal, og det har vært oppgitt at bygdens folk gikk til hånde. Det kan ha vært tilfelle, men det må ha vært en profesjonell snekkermester med i bildet også. Det har også her lykkes å finne nye opplysninger (takket være fru Eva Øien). Snekkermester Ingebrigt Bøe (1850-1944) var knyttet til arbeidet og bodde på Lysøen mens arbeidene pågikk. Han har fortalt at Ole Bull gikk og spilte mens arbeidet pågikk, og det slik at man både lo og gråt! Bøe, som også var treskjærer, har blant annet utført treskjærerarbeidene i Årstad kirke, oppført av arkitekt Chr. Christie i 1890, og arbeider for arkitekt Adolph Fischer i Posthuset i Bergen, oppført i 1894 (nå revet)."

I Knut Hendriksen (tidligere operasjef ved Den Norske Opera og tippoldebarn av Bull) sin Ole Bull-biografi står det følgende: "Arkitekten til Lysøen var lenge regnet for å være ukjent, til tross for at Ole Bulls nevø, arkitekten Schak Bull, i et trykt kåseri fra 1950 forteller at huset ble tegnet av Conrad Fredrik von der Lippe, utdannet i Hannover og mest kjent som arkitekt for kjøttbasaren i Bergen. Byggmesteren het Nævdal, og de mange utskjæringene er antagelig utført av den 23 år gamle snekkeren Ingebrigt Bøe."[2]

Ingebrigt Bøe er såleis den einaste av dei mange handverkerane som var i sving på Lysøen under i alle fall den første byggeperioden, som vert fremheva av Bull-biografer.

Årstad kirke

Preikestolen i Årstad kirke, utført av snekkermeister Ingebrigt Bøe 1890. Foto: Knut Rage

Ingebrigt Bøe vart med åra ein mykje brukt snekkermeister i Bergen, anten åleine eller i samarbeid med andre. Til oppføringa av Årstad kirke i Bergen, som vart vigsla i 1890, fekk han oppdraget med det innvendige snekkerarbeidet, og då særleg den åttekanta preikestolen, uført i olja furu. Han stod også for utsmykning av benkene. I års 1892-1894 utførte Bøe også utsmykningsarbeid i Bergens nye posthus, det såkalla Fischers Posthus (rive 1956).

Seinare år

Ingebrigt Bøe vart gift 1872 med Anna Olsdtr Hole (1845-1915) frå Manger. Dei fekk seks born. Sjølv om Ingebrigt hadde si verksemd i Bergen, og etter kvart også vaksne born her, så var nok dragninga til heimbygda sterkare. I 1898 kjøpte han småbruket Lille Næshagen i Manger. Etter at han vart enkemann i 1915, 65 år gammal, overdrog han eigedomen til ein av sine søner og bygde eit «kårhus» på ein fråskild tomt i 1923. Då var han ein godt eldre mann, og for lengst ferdig i si verksemd som snekkermeister. Han gifta seg også om igjen, og det vart slik at hans hustru dreiv sin butikk i Bergen mens Ingebrigt stort sett budde i Manger. Begge døydde i 1944 – Ingebrigt i juni etter eit fall i heimen, og kona som offer for det katastrofale britiske flyåtaket over Laksevåg i oktober.

Fotnoter

  1. Bergens Tidende 2. juni 1975: "Stephan Tschudi Madsen legger fram nye opplysninger om den mest særpregete villa i Norge".
  2. Knut Hendriksen: Ole Bull. Cappelen, 2000. S. 216.

Kjelder og litteratur

  • Kyrkjebok for Manger 1850.
  • Fanger ved Slaveriet (Tukthuset) i Bergen 1850-1875 (1838-1885).
  • Folketellingar for Bergen 1875-1910
  • Anders Haugland: Radøy gjennom tidene, band 1. Utg. Radøy kommune, 2006
  • Knut Hendriksen: Ole Bull. Cappelen, 2000
  • Årstad kirke 100 år : Årstad sogn gjennom tidene. Bergen, Menighetsrådet, 1990
  • Lidén, Magerøy: Norges kirker. Bd. 2 : Bergen. Land og kirke, 1983
  • Opplysningar frå Jannicke Bøe og Jan Bøe