Ingvar Bøhn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. apr. 2011 kl. 19:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Under arbeid. Sikringslagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Ingvar Bøhn (fødd 27. juni 1838 i Ullensaker, død 26. september 1924 i Gausdal) var teolog, forfattar, redaktør og ein av føregangsmennene for folkehøgskulerørsla i Noreg. Han er blitt kalla ein av dei førande pedagogiske ideologane for denne rørsla, i nært samvirke med Christopher Bruun. Bøhn dreiv i nokre år ein eigen folkehøgskule i Ullensaker, som han sjølv hadde starta. Så var han nokre år i Ullensvang i Hardanger. Men både før og etter dette arbeidde han ved Christopher Bruuns skular i Sel og Gausdal. Bøhn var sokneprest i Vestnes i Romsdalen 1896-1908.


Familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Algrem (Algarheim) i Ullensaker. Han var son av lensmann Hans Bøhn (1792–1855) og danskfødde Emilie Josephine Konstantine Lassen (1807–79).

Ingvar Bøhn gifta seg 18. oktober 1887 med Ida Marie Bø (1842-1915). Ho var frå Gausdal, dotter av gardbrukarparet Ivar Pedersen Bø (1801-1860) og Mathea Iversdotter Glømmen (1809-1897). Ida Marie var syster av Per Bø, som hadde gjort mykje for å få Bruuns folkehøgskule til Gausdal.


Utdanning

Bøhn vart student i 1856 og og tok teologisk embetseksamen i 1867. Han studerte samtidig med Christopher Bruun, og innleidde eit nært venskap og samarbeid med han. Bøhn vart som Bruun påverka både av Kierkegaard og Grundtvig.


Yrkesgjerninga

Bøhn var lærar ved Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel andre året den var i gang (1868-1869). Deretter drog Bøhn attende til heimbygda, og saman med residerande kapellan Jahn Müller sette han i gang ein folkehøgskule på garden Gislevoll. Denne gjekk berre i tre skuleår frå 1869 til 1872, da dei mest av økonomiske årsaker måtte gje opp prosjektet. I to år deretter arbeidde Bøhn ved Christopher Bruuns skule, som nå var flytta til Gausdal. Frå 1874 til 1877 var Bøhn hjå Johannes Helleland og hans folkehøgskule i Ullensvang, for så å vende attende til Gausdal og skulen der, som nå hadde fått sitt eige hus og namn Vonheim. Her arbeidde Ingvar Bøhn nå heilt til skulen vart nedlagd i 1896. Dei tre siste åra var han styrar, i røynda hadde han vore det alt frå 1890, da Bruun sjølv på den tid vende seg meir mot andre oppgåver.

Nå søkte Bøhn prestekall i Vestnes, der han var til 1908. Familien flytta nå til Lillehammer og seinare på nytt til Gausdal (Follebu).

I si tid i Gausdal var Bøhn ei tid redaktør for avisa Framgang, som var hovudorgan for Moderate Venstre på Austlandet. Han var også medeigar i avisa.


Litterær verksemd

Ingvar Bøhn utgav pedagogiske arbeid, songbøker med eigne og andres songar og dikt og teologiske skrifter.

Alt i byrjinga av folkehøgskuleverksemda, i 1869 og 1871, gav han ut Norska Visor, og i 1882-1883 Norske songar I-III. Songane og salmene i desse utgjevingane var på nynorsk. Ei forteljing på vers (stev), Gunnar og Sigri frå 1891 er også skriven på nynorsk. Elles brukte Bøhn mest riksmål i sin prosa.

Dei pedagogiske ideane hans kjem best fram i Grunddrag av sproglæren til ledetraad ved den første undervisning (1881) og Ulærde tanker om verdenshistorien (1890).

Teologiske verk er Om underfulle helbredelser (1887), som byggjer på røynsler med eigne helseproblem, og Jesu Kristi kristendom. Den første kristendomsskole (1911).