Isaach Isaachsen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Isaach Isaachsen''' (fødd i Kristiansand 24. mai 1774, død same stad 15. august 1828) var kjøpmann, skipsreiar, trelasthandlar, gardbrukar, konsul og storti...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== Bakgrunn, oppvekst og familie ==
== Bakgrunn, oppvekst og familie ==
Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul Daniel Isaachsen (1744-1813) og hans fyrste hustru Christiane Hedevig Christensen (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på Øvre Kjos i Oddernes litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangar Familiens formue var grunnlagt av hans far igjen, ”Isak smed”, ein bondegut frå Kvinesdal som som slo seg opp i byen.
Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul Daniel Isaachsen (1744-1813) og hans fyrste hustru Christiane Hedevig Christensen (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på [[Øvre Kjos]] i [[Oddernes]] litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangstentreprenør. Familiens formue var grunnlagt av hans far igjen, «[[Isak smed]]», ein bondegut frå [[Kvinesdal]] som som slo seg opp på forretningar i byen.


Faren Daniel gifta seg i 1805 andre gong att med Hanne Susanne Christiane Nideros (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år etter opp att med general og statsråd Diderich Hegermann. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen deira.
Isaach Isaachsens far gifta seg i 1805 andre gong med [[Hanne Susanne Christiane Nideros]] (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år deretter med general og statsråd [[Diderich Hegermann]]. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen til den kjende offiseren og eidsvollsmannen.


Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med Hedevig Elisabeth Hansen (1780-1849). Ho var dotter av biskop Peder Hansen i Kristiansand og andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend for sine fritenkjarske haldning til religionen. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til Holskogen og budde der saman med ei hushaldarske.
Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med [[Hedevig Elisabeth Hansen]] (1780-1849). Ho var dotter av biskop Peder Hansen i Kristiansand og hans andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend som fritenkjar. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til [[Holskogen]] og budde der saman med ei hushaldarske.


Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.
Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.

Sideversjonen fra 1. nov. 2013 kl. 05:02

Isaach Isaachsen (fødd i Kristiansand 24. mai 1774, død same stad 15. august 1828) var kjøpmann, skipsreiar, trelasthandlar, gardbrukar, konsul og stortingsmann. På Stortinget tilhøyrde han Den Flor-Hoelske opposisjon i krinsen rundt Jacob Hoel, Peter Flor, Ole Aaset, Hans Barlien og fleire. Isaachsen er ofte omtala som «jakobinaren», og han gjekk for å vere fritenkjande i religiøse spørsmål. Han hadde bevart mykje av sin ungdoms radikalisme i stortingspolitikken.

Bakgrunn, oppvekst og familie

Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul Daniel Isaachsen (1744-1813) og hans fyrste hustru Christiane Hedevig Christensen (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på Øvre Kjos i Oddernes litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangstentreprenør. Familiens formue var grunnlagt av hans far igjen, «Isak smed», ein bondegut frå Kvinesdal som som slo seg opp på forretningar i byen.

Isaach Isaachsens far gifta seg i 1805 andre gong med Hanne Susanne Christiane Nideros (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år deretter med general og statsråd Diderich Hegermann. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen til den kjende offiseren og eidsvollsmannen.

Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med Hedevig Elisabeth Hansen (1780-1849). Ho var dotter av biskop Peder Hansen i Kristiansand og hans andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend som fritenkjar. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til Holskogen og budde der saman med ei hushaldarske.

Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.