Jacob Hoel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Hoel.
Foto: Ukjent kunstnar.

Jacob Hoel (fødd på Nes på Hedmarken 7. august 1775, død same stad 30. juli 1847) var offiser, gardbrukar og stortingsmann. Han er mest kjend som leiar for den fyrste bondeopposisjonen på Stortinget 1818-1822, og var bror til bondeføraren Halvor Hoel. Jacob Hoel dreiv stort jordbruk på garden sin HovinsholmHelgøya, og han var ein foregangsmann kva gjeld nye avlingar og metodar i jordbruket.

Bakgrunn og familie

Hoel var fødd og oppvaksen på Hol på Nes (nå Ringsaker kommune) på Hedmarken. Foreldra var gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By (1739–1818) frå garden By i Vardal Sosialt er det truleg meir presist å kalle familien ein proprietærfamilie framfor ein storbondefamilie. Det gjeld iallfall for Jacob Hoel sjølv, som også omtala seg sjølv som nettopp proprietær. Han var offiser og såleis kondisjonert, og han kjøpte fleire store jordbrukseigedomar som han dreiv saman med Hovinsholm. På Stortinget var han ei hovudkraft i arbeidet for å avskaffe adelskap i Noreg. Når han sjølv gjerne skreiv etternamnet sitt von Hoel, var det truleg eit merke på at han var offiser, ikkje at han sjølv eller andre rekna han for å vere adeleg. Det var ein kultivert familie. Jacob var som broren Halvor og andre i familien svært musikalsk. Han interesserte seg sterkt for historie, og han sende inn fleire arkeologiske funn frå Hovinsholm til det som vart Universitetets Oldsaksamling.

Anne Marie Hoel, f. Tollesen..
Foto: Ukjent kunstnar.

Jacob Hoel gifta seg i Christiania 2. november 1804 med Anne Marie Tollesen (16. juli 1784–7. mai 1859), dotter av fargarmeister Tolle Tollesen og Pernille Andresen, som dreiv verksemda si i Christiania. Tolle Tollesen var frå Nakskov i Danmark, medan kona Pernille kom frå Hol. Ho var dotter i andre ekteskap til enkja etter Jacob Hoels farfar.

Jacob og Anne Marie Hoel hadde fire born, Augusta (fødd 1805), Tolle Peder (fødd 1807), Pauline (fødd 1810) og Nils (fødd 1813). Tolle Peder overtok Hovinsholm etter foreldra.

Militær

Jacob Hoel kom som ung mann til København, der han byrja i militærteneste og var korporal i den danske hær frå 1793. Han gjennomgjekk gymnastikkskole og veterinærutdanning der, før han vende heim att til Noreg i 1798. Da vart han tilsett som fekte- og ridelærar ved Det norske militære institutt i Christiania (Krigsskolen). Han vart utnemnd kornett (fenrik) a la suite (utanfor aktiv teneste) ved Opplandske nasjonale dragonregiment i 1799. Han kom i aktiv teneste som sekondløytnant ved Søndre Totenske kompani i det same regimentet i 1803, året etter forflytta til Nordre Totenske kompani. Frå 1808-1810 var han ved Biri og Vardalske kompani, og igjen ved Søndre Totenske som premierløytnant 1811. Frå 1813 styrte han eit militærdepot som var oppretta på Hovinsholm, som premierløytnant a la suite. Han søkte og fekk avskil som offiser i 1818, da han følte seg forbigått til ei høgare stilling.

Gardbrukar

Hovinsholm 1885.
Foto: Jacob Hoel.

Jacob Hoel kjøpte Hovinsholm i 1800. Sidan utvida han sterkt drifta ved å kjøpe fleire store gardar i næraste omkrinsen, (Kjelsrud 1812, Hovelsrud med Kamprud 1821, Grimsrud 1841, og lenger unna åtte han i perioden 1824-1839 Skrårud i Moskogen).

Hoel fleirdobla kornavlinga på Hovinsholm. Han dyrka turnips, lin og tobakk og satsa elles mykje på potetavl. Da brennevinsbrenninga vart fri i 1816, i medhald av ei lov som Hoel hadde vore med og fått gjennom i Stortinget, vart Hoel ein av dei fyrste i landet som i større omfang laga brennevin av poteter. Han hadde dessutan fruktpresse og framstilte eplesider. Han hadde ein vidstrakt marknad for avsetning av gardsprodukta, frå Røros i nord til Christiania og Halden i sør. Han var velståande, noko som mellom anna avspeglar seg i sølvskattelistene 1816, der Hoel er oppført med 210 spesidaler og 43 skilling.

Han skreiv opplysningsartiklar i pressa (i Den norske Bondeven i 1810 og Den Norske Rigstidende 1816, kanskje fleire stader) om turnips- og ertedyrking, stallforing, vekselsbruk, gjødsling og pløying.

Politikar

Hoel var valmann ved valet av representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814. Han sat på Stortinget for Hedmark i 1818, 1821 og på omframsstortinget i 1822. Han vart 3. varamann ved valet i 1824, men fekk sagt frå seg valet. Han var 1. varamann 1827, 1830 og 1833. Det sistnemnde året måtte han møte da representanten Ole Olsen Evenstad (1781—1833) vart sjuk og døydde.

Hoel stod i spissen for ein organisert bonde- og borgaropposisjon på Stortinget 1818-1824. Den markerte seg for alvor i 1821, da grupperinga talde 20-30 representantar. Den vart gjerne omtala som «Det Flor-Hoelske Parti» etter Hoel og byrepresentanten kjøpmann Peter Flor, og inkluderte ved sida av desse kjende namn som bonden Ole Aaset, og kjøpmenn som «jakobinaren» Isaach Isaachsen og Wincents Lassen Sebbelow. Også bonden Hans Barlien, som var på stortinget 1815-16, kan reknast til den same opposisjonsrørsla i dei fyrste åra med konstitusjonelt styresett. Ei samlande sak for koalisjonen av borgarar og bønder var motstanden mot den deflatoriske finanspolitikken som vart ført, og som sølvskatten 1816 var ein viktig del av. Deflasjonen var øydeleggjande for mange kjøpmenn og for storbønder av Jacob Hoels klasse, som dreiv handelsjordbruk. I sak stod Det Flor-Hoelske part nær aksjonsgrunnlaget for bondeaksjonane i 1818, der bror til Jacob Hoel, Halvor Hoel stod så sentralt.

Jacob Hoel var liberal og radikal i sine politiske standpunkt. Mellom anna har han mykje av æra for at adelslova gjekk gjennom i Stortinget i 1821 i trass mot kongens veto. Hoel gjekk inn for utstrakt religionsfridom. Han tala for ein konsekvent sparepolitikk og for å innskrenke makt og privileg for embetsstanden. Han føregreip i den forstand den seinare bondeopposisjonen som kom så sterkt på Stortinget frå 1833. På Stortinget 1833 måtte altså Hoel, svekka av sjukdom, møte som vara, og han slutta seg på nytt til den mest radikale opposisjonen.

Artikler

  • «Skrivelse fra Lieutenant Hoel paa Hedemarken, om at dible eller plante Korn», artikkel i Budstikken 1813.03.12. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer