Ivar Kleiven: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (→‎Familie og livsløp: meir utval for f2)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Ivar Kleiven]]''' (fødd i [[Vågå]] 10. juli [[1854]], død same stad 19. februar [[1934]]) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå [[Gudbrandsdalen]] blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides [[Lorens Berg]] og [[Jacob Aaland]] i denne samanhengen.</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Ivar Kleiven]]''' (fødd i [[Vågå]] 10. juli [[1854]], død same stad 19. februar [[1934]]) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå [[Gudbrandsdalen]] blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides [[Lorens Berg]] og [[Jacob Aaland]] i denne samanhengen. Mykje i likskap med desse to var Kleiven på ei og same tid politisk radikal ''og'' tradisjonsdyrkar.</onlyinclude>

== Familie og livsløp ==
== Familie og livsløp ==

<onlyinclude>Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, [[Søre Kleivi]] på [[Lalm]]. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda ([[Snerle]]). Jakob hadde teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen [[Svarvarhaugen]]. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. </onlyinclude> Han var eldst i syskenflokken, og fekk ei syster og tre brør som vaks opp (eit tvillingpar døydde ved fødselen). Ivar levde ugift livet ut.
<onlyinclude>Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, [[Søre Kleivi]] på [[Lalm]]. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda ([[Snerle]]). Jakob hadde gifta seg og teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen [[Svarvarhaugen]]. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. </onlyinclude> Han var eldst i syskenflokken, og fekk ei syster og tre brør som vaks opp (eit tvillingpar døydde ved fødselen). Ivar levde ugift livet ut.

Han byrja på skulen det siste året det var omgangsskule der. Frå hausten 1861 var det fastskule i grenda. Vinteren 1878-1879 gjekk Ivar på landbruksskule hjå [[Kristian Horne]] på [[Blessom]] i Vågå. Som 31-åring fekk han eit år som elev ved [[Viggo Ullmann|Viggo Ullmanns]] folkehøgskule i [[Seljord]] vinteren 1885-1886. Ut over dette må Ivar Kleiven seiast å ha vore sjølvlærd.

Linje 44: Linje 44:
:3. Eit ”gard-tal”, dvs. det som er blitt heitande gards- og ættesoge, «me ei stutt Utgrei’ing um kaar Gard fraa gomolt saa langt att-ende, som de finnst naagaa aa helde se ette, um Brukarann og Ækte [ætta] deres.»

Det er openbert at Kleiven sjølv hadde størst sans for det som fall under fyrste punktet. Statistikk og næringshistorie innarbeidde han i bygdebøkene mest som eit pliktløp. I føreorda ber han gjerne lesaren direkte om orsaking for å ha teke med for mykje av slikt, da han reknar med at mange tykkjer det er «kjei’samd lesnad». Men det må til, framheld han, for «de er no di økonomiske vilkaare, som er grunnmur’n unde bondekulture i bygdom».<ref>Lesja og Dovre, føreordet.</ref> Dette er nok ein gjenklang av dei akademiske pådrivarane for bygdehistorie i denne tida, i fyrste rekkje [[Edvard Bull]], som så sterkt understreka at økonomisk historie var ufråvikeleg i slike framstillingar.
Det er openbert at Kleiven sjølv hadde størst sans for det som fall under fyrste punktet. Statistikk og næringshistorie innarbeidde han i bygdebøkene mest som eit pliktløp. I føreorda ber han gjerne lesaren direkte om orsaking for å ha teke med for mykje av slikt, da han reknar med at mange tykkjer det er «kjei’samd lesnad». Men det må til, framheld han, for «de er no di økonomiske vilkaare, som er grunnmur’n unde bondekulture i bygdom».<ref>Lesja og Dovre, føreordet.</ref> Dette er nok ein gjenklang av dei akademiske pådrivarane for bygdehistorie i denne tida, i fyrste rekkje [[Edvard Bull den eldre|Edvard Bull]], som så sterkt understreka at økonomisk historie var ufråvikeleg i slike framstillingar.

Gards- og ættesoge i eigentleg forstand fekk Kleiven aldri tid til å realisere i arbeidet med bygdebokverka. Men han innarbeider gjerne eit kapittel eller mindre avsnitt om «gamle ætter» i bygdene han skriv om. Det vart aldri noko av dei trebands-verka han såg føre seg, berre eitt band for kvar av bygdene han skreiv om.

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer